Hopp til innhold

Gassflaske kunne eksplodert

Politiet fekk i føremiddag melding om ein brann ved ei flytebryggje i Amlabukti på Kaupanger.

Brannvesenet sløkte brannen på Kaupanger
Foto: Politiet

Brannen i Amlabukti på Kaupanger kunne raskt ha utvikla seg og det var fare for eksplosjon. Men brannvesenet fekk raskt kontroll, og brannen er no sløkt.

Årsaka til brannen, var open flamme ved bruk av eit sveiseapparat. Mannen som starta brannen fekk sløkt den, men graset hadde ulma og sidan blussa brannen opp att.

Nokre gassflasker med acetylen og oksygen låg like ved, og det vart dermed stor eksplosjonsfare.

– Flaskene vart dumpa i fjorden til avkjøling, og der skal dei no ligge til i morgon, fortel Rita Skjeldestad ved Sogndal Politidistrikt.

Ingen personar kom til skade i brannen.

Ferja Fjærlandsfjord som var på veg inn til kai, måtte avvente til brannvesen og politi hadde kontroll på situasjonen.