Hopp til innhold

Fylling ferdig i Sogndal

Trond Fylling har vore spelar, trenar, leiar og speidar i Sogndal Fotball sidan midten av 80-talet. No er han ferdig som speidar og har fått seg ny jobb.

Trond Fylling

FERDIG: Trond Fylling har starta i ein ny jobb, utanfor Sogndal Fotball.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Eg har hatt eit spesielt godt samarbeid med Jonas Olsson. Det er litt sånn vemodig fordi eg var med og henta han til klubben. Då han skreiv toårskontrakt håpa eg at vi skulle følgje den ut. Men no har ting forandra seg, seier Fylling til NRK.

Omorganisering

Sogn Avis skriv i dag at Fylling, som dei siste åra har hatt speidaransvaret utanfor Sogn og Fjordane, er ferdig i klubben etter ei omorganisering av det sportslege apparatet.

– Me har over ein lengre periode vurdert ulike modellar for sportsleg organisering i 2013, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal, til avisa.

Ikkje endeleg farvel

Fylling sjølv vil ikkje spå om dette er eit endeleg farvel til Sogndal Fotball.

– Det veit ein aldri. Eg har gode kontaktar i klubben, og det er ikkje noko vondt blod ute og går. Utfordringa med å drive ein toppklubb er at det er veldig mykje støy. Det er toppidrett, og det er vanskelege personalsaker som skal avgjerast. Og med dykk journalistar hengande i hælane er det vanskeleg å få til.

– Akkurat no konsentrerer eg meg om jobben eg har og ser fram til å drive med andre ting enn fotball, seier Fylling og vil ikkje røpe noko meir om den nye jobben enn at den er idrettsrelatert.

Mange roller

Fylling spelte for Sogndal i to periodar på 80- og 90-talet før han kom att som trenar. I 1998 var han hovudtrenar før han gjekk over i rolla som sportsleg leiar og assistenttrenar.

I 2005 tok han på ny over som hovudtrenar. I 2010 var han tilbake som sportsleg leiar før han gjekk over i stillinga som fulltidstilsett speidar med base i Oslo frå 2012.

Han fekk mykje av ære for ei rekke vellukka signeringar som Taijo Teniste, Tonny Brochmann og ikkje minst Stephané Diarra Badji.

Kupp i Gambia

– Akkurat Badji er spesiell. Det var ei cowboy/røvarhistorie då vi sikra oss han, fortel Fylling.

Sogndal-speidaren såg den senegalesiske U23-kapteinen på ei turnering i Marokko, kasta seg på flyet til Senegal, køyrde eit halvt døgn i bil til nabolandet Gambia for å møte klubbpresidenten hans og snappa spelaren framfor eit kobbel av større klubbar.

Likevel er det jobben som sportsleg leiar han gjerne vil bli hugsa for.

Mest stolt av opprykket

– Det eg er mest kry av er då vi tok over laget sist i 2010 og klarte å rykkje opp. Overlever vi no er det tredje året i eliteserien og det er ei bragd for ein så liten klubb.

Sjølv om Fylling har hatt varierande suksess som hovudtrenar har han eit solid rykte som talentspeidar med nase for ein god handel. Den jobben utelukkar han ikkje at han kjem til å gjere for Sogndal i framtida også, om enn på frilansbasis.

– Det har eg ingen problem med å gjere, men det må passe i forhold til den nye jobben min.