Hopp til innhold

Fylkesmannen avviser Berg-klage

Fylkesmannen finn ikkje grunn til å opprette tilsynssak i samband med at fem ortopedipasientar døydde i 2008.

Henrik Berg

KRITISK TIL ORTOPEDIEN I FØRDE: Overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Det var overlege Henrik Berg ved Nordfjord sjukehus som bad Fylkesmannen vurdere dødsfalla ved ortopediavdelinga ved Førde sentralsjukehus. Det var fem pasientar med lårhalsbrot som døydde i samband med operasjon i 2008.

To vart obduserte

To av pasientane vart obduserte. I det eine av desse tilfella vart saka meld til politiet, og det vart konferert med Helsetilsynet, men det vart ikkje funne grunn til vidare oppfølging.

I den andre saka skriv Fylkesmannen at med dagens praksis ville den blitt meld inn til Helsetilsynet, men dette vart vurdert annleis i 2008.

Dei tre andre pasientane døydde etter operasjonen "etter allmenn fallering", alle hadde høg alder og anna sjukdom. Desse tre tilfella ville truleg ikkje blitt melde inn til Helsetilsynet etter dagens ordning, skriv Fylkesmannen.

Helsetilsynet i Sogn og Fjordane handsama i november 2011 tilsynssak som galdt dødsfall hjå ortopediske pasientar i Helse Førde i 2008. I denne saka vart det konkludert med forsvarleg verksemd.

- Må gå tenesteveg

Helsetilsynet gjennomførde også planlagt tilsyn med Helse Førde si behandling av skrøpelege eldre pasientar med hoftebrot i september 2011. Det vart ikkje avdekt forhold som var i strid med krav i helselovgjevinga.

Til slutt presiserer Fylkesmannen at når helsepersonell vil informere om tilhøve som er til fare for pasientane må dei gå tenesteveg og først ta opp saka internt.

I dette tilfellet ville det vere leiinga i Helse Førde. Dersom faren ikkje blir fjerna skal Helsetilsynet ha melding.