Hopp til innhold

Fylkeslaget vann over Drillos

Fylkeslaget vann laurdag ettermiddag 3-2 over Drillos-98 etter at Henning Berg skåra sjølvmål like før slutt.

Frode Grodås

Frode Grodås skreiv mange autografar etter kampen.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

I strålande ver hadde omlag 1400 personar møtt fram for å sjå Drillos-98 møte eit fylkeslag på Skei i Jølster. Ved pause var stillinga 2-2.

Målskårar for fylkeslaget var Terje A. Jevnaker og Arild Underdal. Jan Ivar "Mini" Jacobsen og Tom Gulbrandsen sikra Drillo-laget to mål, i tillegg til sjølvmålet til Berg.

Sjå bileta frå kampen på Skei

Det er 10 år sidan Drillos skapte magi då Noreg slo Brasil 2-1 i fotball-VM i Frankrike. I dag stilte ni av spelarane på Skei stadion i Jølster.

Spurt ut om fjelltoppar

Aldri før har det vore så mykje folk på Skei stadion. Og det var god stemning før kampen då Egil "Drillo" Olsen, som er svært god på geografi, vart spurt ut om fjelltoppar i Sogn og Fjordane. Han hadde ingen problem med å svare på spørsmåla han fekk.

Fylkeslag i Brasil-drakter

Drillos

Landslaget frå 1998.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

Med trenar Drillo i spissen skulle Tore Andre Flo, Gunnar Halle, Frode Grodås, Dan Eggen, Roar Strand, Erik Hoftun, Henning Berg, Vidar Riseth og Jan Ivar "Mini" Jacobsen kjempe mot eit fylkeslag i Brasil-drakter.

På grunn av at ikkje alle frå 1998-laget kunne stille på Skei i dag, var laget til Egil "Drillo" Olsen forsterka med spelarar frå mellom anna Sogndal.

Nøgde spelarar

Stryningen Tore Andre Flo tykte det var artig i vere på Skei i dag.

- Det var hyggeleg å treffe igjen den gamle Drillogjengen, og det var god stemning på stadion.

Han er imponert over laget med dei lokale talenta.

- Her er det mange som kan bli skikkeleg gode. Sjølv er eg ute av trening og spelte ikkje så bra.

Frode Grodås, keeperen frå Hornindal, trudde at laget hans skulle vinne.

- Men vi møtte eit veldig bra lag med lokale spelarar.

- For feit

Jan Ivar "Mini" Jacobsen, som er kjent for saltoane sine etter å ha skåra mål, måtte bare erkjenne at han var ute av form.

- Eg var visst for feit for salto. Men denne dagen har vore ei fantastisk oppleving.

Fylkeslaget

Fylkeslaget består av talentfulle 3. og 4. divisjonsspelarar frå heile fylket. Trenar for laget er Stig Nord.

Desse vart stemt fram for å vere med på Firdalaget.

  • Simon Gimmestad, Sandane
  • Ole Jørgen Eide, Førde
  • Eirik Flatjord, Førde
  • Eivind Daniel Røed, Eid
  • Tor Are Dvergsdal, Førde
  • Kim André Gangeskar, Skavøypoll
  • Ole Johan Skrede, Jølster
  • Øystein Vetti, Førde
  • Ali Hossainpour, Florø
  • Gisle Myhre, Tornado Måløy
  • Sander Solvik, Førde
  • Vegard Dyrstad, Dale
  • Bernt Norevik, Førde
  • Trond Vegard Ripe, Jølster
  • Sveinung Frantzen, Tornado Måløy
  • Alexander P. Øren, Høyang
  • Thor-Jørgen Spurkeland, Førde
  • Eivind Grodås, Hornindal
  • Ørjan Hopen, Sogndal
  • Mads Wie, Sandane
  • Arild Underdal, Fjøra
  • Terje A. Jevnaker, Årdal
Drillos på Skei

Før kampen.

Foto: Trude Bakke / NRK