Hopp til innhold

Fylkeskommunar snusar på Widerøe

Flyselskapet Widerøe kan bli kjøpt opp av fylkeskommunar på Vestlandet og i Nord-Norge.

Widerøe

VIL KJØPE: Fleire fylkeskommunar er i samtale om å kjøpe opp Widerøe for å sikre flytilbodet i distrikta.

Foto: Jens Kyed / NRK

Etter initiativ frå Nordland, har det vore eitt møte mellom fleire fylkeskommunar om å kjøpe opp flyselskapet Widerøe.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal, vurderer situasjonen nøye.

– Vi har jo ei veldig felles interesse av at vi har ein operatør som kan gje både kvalitativt god tilbod på plassane våre, både når det gjeld frekvens og komfort. Det føler vi at Dash-8 flytypen til Widerøe gir oss, seier Sandal.

Fryktar for tilbodet

Nils R. Sandal

VURDERER: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Fylkeskommunar frå Sogn og Fjordane i sør, til Finnmark i nord, møttest tidlegare i år på Gardermoen for å drøfte saka. Føresetnaden for eit oppkjøp er at staten sel seg ut av SAS.

Widerøe er nemleg eit heileigd dotterselskap i SAS-konsernet. Fylkespolitikarane fryktar følgjene for rutetilbodet i distrikta dersom SAS kjem fullt og heilt på utanlandske hender.

– Vi har informasjon som kan tyde på at staten kan kome til å selje seg ut av SAS, seier Sandal.

Uvisse kring eigarrolla

NRK har vore i kontakt med andre fylkeskommunar som ikkje ønskjer å kommentere saka offentleg.

Dei stadfestar likevel at oppkjøp av Widerøe kan vere aktuelt.

– Det er jo litt uvisse kring eigarrolla i SAS og vi må diskutere det litt i fellesskap kva som eventuelt kan skje slik at vi heile tida er sikre på at vi har eit godt tilbod, legg fylkesordføraren til.

Solide plusstal

Flyselskapet har hovudkontor i Bodø og det er 13 småflyplassar i Nordland. Flyselskapet, som trafikkerer 47 flyplassar, hadde i fjor ei omsetning på 2,5 milliardar og eit overskotet var på 162 millionar kroner.

Det er med andre ord eit selskap med solide plusstal fylkeskommunane snusar på. Sandal fryktar kva som kan skje dersom staten sel seg ut av SAS.

– Ein kan aldri vite kva som skjer i tilfelle det blir nye eigarar, avsluttar han.