Hopp til innhold

Funn av død person i leilegheit i Bergen sentrum

Krimteknikarar er på plass utanfor ei leilegheit i Bergen sentrum i samband med eit dødsfall, melder BA.

– Det kan framstå som mistenkeleg, skriv operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad i Vest politidistrikt i ei melding til pressa.

Tepstad kan foreløpig ikkje seie noko om korleis politiet vart varsla om dødsfallet eller kvifor det verkar mistenkeleg.

Avdøde er ikkje formelt identifisert, men politiet har ei meining om kven det kan vere. Politiet arbeider med å få tak i pårørande, som foreløpig ikkje er varsla.

biler og personer ved fortau
Foto: Arne Frank Solheim / NRK