Hopp til innhold

Full storm og krevjande køyreforhold – uvêret toppar seg andre juledag

Vêret skapar utfordrande køyreforhold fleire stader i landet i julehelga. På Vestlandet skal det blåse opp til full storm i fjellet i kveld.

Hemsedalsfjellet, Statens vegvesen sitt webcamera

KREVJANDE: Det er krevjande køyreforhold på fleire fjellovergangar. På Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er vegen no open for fri ferdsle, men det kan vere glatt.

Foto: skjermdump / Statens vegvesen

– I dag er det mykje snø, og i kombinasjon med vind gir det krevjande køyreforhold. Det er ganske glatt, så folk må køyre forsiktig, seier vegvakt Martin Birni ved Borlaug øvst i Lærdal.

Han passar på og gir hjelp til folk som skal køyre riksveg 52 over Hemsedalsfjellet, ein av vegane som framleis er opne.

Hos Meteorologisk institutt fortel Gunnar Livik at vinden skal auke opp utover kvelden, heilt til den når full storm enkelte stader.

– Vinden vil vere på det sterkaste i kveld. Vi kan få full storm over Langfjella, og det vil blåse kraftig også i andre fjellområde, seier Livik.

Det er meldt kraftig vind langs heile kysten, og det er sendt ut Obs-varsel frå Agder til Østfold. Her fortel vêrvarslinga at folk bør tjore fast trampolinar og båtar, og at det skal blåse så kraftig at tre kan hamne i vegen fleire stader.

Stolen på Vesterøy, Hvaler

STORM: Det er varsla storm fleire stader natt til 27. desember,

Foto: MMS-foto: Ingrid Mathilde Langvik / NRK

Bilane sklir av vegen på Austlandet

På Austlandet blir det meldt om svært glatte vegar fleire stader, ikkje berre på fjellet.

– Temperaturen er rundt null mange stader, særleg litt innover i landet. Det betyr at nedbøren kjem som sludd og slaps, og vegane blir ganske glatte. Det er betre sør for Oslo, men elles er det glatt mange stader på Austlandet, seier Terje Walløe hos Meteorologisk institutt.

Slik er stoda på fjellovergangane mellom Aust- og Vestlandet

  • E16 Filefjell: Snø- og isdekke.
  • E134 Haukelifjell: Stengt på grunn av uvêr.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Stengt for køyretøy under 7,5 tonn, kolonne for tyngre køyretøy.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Kolonnekøyring.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Stengt på grunn av snøras. Ny vurdering onsdag klokka 09.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke. Stadvis redusert sikt. Kan bli kolonnekøyring på kort varsel.
  • Fv. 50 Hol–Aurland: Snø- og isdekke.
  • Fv. 53 Tyin–Årdal: Stengt på grunn av uvêr.

Det har kome ein god del snø over heile Sør-Norge andre juledag. Vegvakt Birni ved Borlaug håpar det meste av snøen no har kome.

– Vi har eit håp om at det skal roe seg no, ja. Men det kjem no ein del meir nedbør, så det kan fort bli meir kolonnekøyring utover kvelden.

Martin Birni

Følgjer med: Martin Birni er vegvakt ved Hemsedalsfjellet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Uveret stoppar ferjer

Det er ikkje berre på vegane at uveret fører til trøbbel. Fleire internasjonale ferjeavgangar har blitt innstilt grunna den kraftige vinden no i jula.

Color Line har kansellert sine avgangar både frå Sandefjord og Strømstad, Larvik–Hirtshals og Kristiansand til Hirtshals. Fjordline er forseinka frå Langesund mot Hirtshals, og også frå Hirtshals og mot Stavanger. Også avgangane til Fjordline mellom Stavanger og Bergen og returen onsdag morgon er innstilt.

– Det har vore ganske ille utpå der, seier konserndirektør Helge Otto Mathisen i Color Line.

Ifølgje bølgevarselet på YR er det over seks meter høge bølgjer i Skagerrak og også i Ytre Oslofjord.

Vegvesenet: – Ta det med ro

Hos Vegvesenet sin trafikksentral i Lærdal følgjer dei nøye med på statusen på fjellovergangane, og fortel at det er ein god del som skal over fjellet i løpet av andre juledag.

– Vi får meldingar om typisk vinterføre, men vi har ikkje fått så mange meldingar om særleg glatt føre.