Hopp til innhold

No har dei vurdert nær alle freda bygg i Sogn og Fjordane

Riksantikvaren har saman med fylkeskommunen gjennomført ein omfattande gjennomgang av freda bygg i Sogn og Fjordane.

Askelund i Balestrand

FREDA: Futegarden Askelund i Balestrand er ein av mange freda bygg her i Sogn og Fjordane.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Alle fredingane som blei gjort frå 1923 til 1979 har vore grunnlag for gjennomgangen som vernestyresmaktene har gjennomført.

– Sogn og Fjordane har eit variert landskap med høge fjell og lange fjordar. Dette har gitt fylket ein spanande bygningsarv med ulike byggjeskikkar. Eg vil gjerne takke Sogn og Fjordane fylkeskommune for eit godt samarbeid om gjennomgangen av dei eldste fredingane, seier riksantikvar Jørn Holme i ei pressemelding.

Eldste frå 1600-talet

Fredingsgjennomgangen i Sogn og Fjordane omfattar 73 bygningar fordelt på 42 anlegg. I arbeidet med fredingsgjennomgangen har Sogn og Fjordane fylkeskommune gjort synfaringar og registreringar av dei freda bygningane.

Dei tidlegaste fredingane i Sogn og Fjordane er frå 1923 og 1924. Det er særleg embetsmannsgardar, og gardsanlegg med bygningar frå heile perioden 1600-1900 som er freda. Dei eldste freda bygningane er frå 1600-talet.

Blant dei fyrste fredingane i 1923 er det fleire stovehus. Til dømes Røykestova på Kjøsnes, Masstova på Lien Olsbø i Hornindal og Årdal kopperstove i Årdal.

Jørn Holme på Røros

GODT NØGD: Riksantikvar Jørn Holme er svært nøgd med samarbeidet med Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Jhi/P2/Museum

Gjest Baardsen-celle

Den største gruppa av freda bustadhus i fylket er historisk knytte til ulike embetsmenn og offiserar.

Blant embetsmannshusa finst hovudbygningen på Askelund i Balestrand som er eit døme på ein futegard og bustad for ein embetsmann.

Her skal den kjende forbrytaren og folkehelten Gjest Baardsen ha sitte fanga i fengselscella i kjellaren. Den er framleis intakt.

Gjennomgang i heile landet

Fredingsgjennomgangen er eit landsdekkande prosjekt som vart starta av Riksantikvaren i 2006.

I løpet av 2013 vil alle fylke ha gjennomgått sine fredingsvedtak frå perioden 1923 til 1979 og ha presisert omfanget av, formålet med og innhaldet i fredinga.

– Med den oppdaterte registreringa av dei eldste fredingane har vi eit godt grunnlag for vidare samarbeid om dei historiske anlegga, heiter det i pressemeldinga.