Hopp til innhold

Full gass og afterski – her er planane for Sogndalsdalen

SOGNDALSDALEN (NRK): 1000 bueiningar, hotell og leilegheitskompleks. Optimistiske utbyggarar brukar store ord.

Jomar Haukås (sognefjord utvikling), Fredrik Gustafsson

FEIRING: Med jordbær, kake og sjampanje vart kjøpar nummer 100 feira. Til venstre Jomar Haukaas, til høgre tomtekjøpar Fredrik Gustafsson.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi skal bygge i høgda. Fjellandsby, hotell og afterski. Alt som høyrer med. Vi har ein fantastisk kommune som stiller opp.

Det seier Jomar Haukaas i Sognefjord Utvikling. Nyleg selde dei hyttetomt nummer 100 ved Rindebotn i Sogndalsdalen.

Vestlandet har ein draumevinter. Det set fart i både hyttesal og økonomien til skianlegga. Og ikkje minst planane om ekspansjon.

Her er det planar om 20 leiligheiter

BYGGING: Her er det planar om 20 leilegheiter.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

I Sogndalsdalen feira dei denne veka at det er selt 100 tomter på seks år. Men det skal ikkje ta seks år til neste gang dei sprett sjampanjen.

– Det er eit eventyr som utviklar seg her inne, skryt Haukaas.

Haukaas var høgt oppe også for seks år sidan då dei lanserte planane om gondol i Sogndalsdalen. No doblar utbyggarane ambisjonane frå 500 til 1000 bueiningar.

Svenske kjøpte usett

Sogndalsdalen er blitt populært for frikøyrarar. Frå heile verda ynskjer folk å teste tilhøva. Det trekk til seg også vanlege interesserte med pengar til overs.

Fredrik Gustafsson frå Sverige kjøpte tomta usett. Han bur 70 kilometer sør for Göteborg, men kvir seg ikkje for timelange bilreiser med kone og born.

– Kona er frå Fjaler. Vi har tenkt på å flytte dit, men så kom tankane på at vi gjerne vil ha ei skikkeleg norsk fjellhytte. Lære borna den norske pakka med påskeferie.

At han ikkje hadde sett tomta med eigne auge er dristig, men no angrar han ikkje.

– Eg er kjempenøgd med utsikta, seier Gustafsson.

No skal planar og løyver på plass

Utbyggarane jobbar saman med skisenteret og kommunen for å lage ein områdeplan for dei neste 10 åra.

Der skal ein plassere leilegheiter, hotell og hytter i det som skal bli ein fjellandsby.

Så store utbyggingar vil gi naturinngrep, men Per Odd Grefsnes i Sogndal skisenter meiner satsing er naudsynt.

– Hyttebygginga heng saman med utviklinga av skisenteret. Vi skal også utvikle oss på sommardrift.

– Mange er betre på afterski enn på ski

Alt til vinteren varslar utbyggarane at ei ny brikke i puslespelet er på plass.

– Vi skal bygge afterski. «Dalalåven» skal vere klar til jul. Vi har alt fått skjenkeløyve. Vi sel hyttetomter til folk som er betre på afterski enn på ski, så vi skal nok klare å fylle opp der og, seier Haukaas.

Gondolbane i Sogndalsdalen

PLANANE DEN GONG: I 2012 såg presentasjonen slik ut då dei storstila planane vart presenterte. Den gongen lokka dei med gondolbane.