Fugl skapte lyngbrann

Brannvesenet har kontroll på brannen i Torangsvåg i Austevoll. Ein fugl flaug inn i ei høgspentleidning. Gneistregnet som fylgde antente terrenget, fortel vaktkommandør Glenn Hamre. Brannen starta på Haugsneset. Fleire straumkundar har mista straumen.