Hopp til innhold

FSK tok ny Førde-skalp

Florø Sportsklubb stortrivast når dei møter Førde på 16. mai.

I år som i fjor gjekk bruntrøyene frå Florø sigrande ut av det tradisjonsrike oppgjeret.

LES OGSÅ: Dramatikk på Førde stadion

LES OGSÅ: - Førde er ikkje så suverene

SJÅ: Mange mål i femte serierunde

Florø - Førde 2-0 (1-0)

Florø stadion

Minuttar til kampstart. Stor stemning og kring 400 tilskodarar har førebels gått gjennom porten på Florø stadion.

Kampen er i gang.

1-0 2 min. Christer Husa. Frispark frå kring 25 meter. Førde-keeper Ole Henrik Gulliksen ventar eit innlegg, men ballen går i staden i næraste hjørne.

Pause. Det har vore ein jamn omgang med store sjansar til begge lag. Ikkje noko å seie på resultatet. Stor stemning med kring 1.000 på tribuna.

Kampen er i gang att.

2-0 53 min. Torstein Strømsøy. Scora på corner frå Christer Husa.

Slutt. Florø gjentek suksessen frå i fjor og tek nok ein Førde-skalp i det tradisjonsrike 16. mai-oppgjeret. Jamt i andre omgang, men heimelaget kontrollerte etter 2-0-leiinga. Førde kom til nokre sjansar, men Florø vinn fortent framfor 1.072 tilskodarar.