Hopp til innhold

- Førde er ikkje så suverene

Ringreven Bengt Solheim-Olsen trur Florø trekkjer det lengste strået i tradisjonsrikt 16. mai-oppgjer.

Publikum styrta bana og kasta seg over FSK-keeperen etter kampen.

Russen frå Florø styrta bana i Førde etter at bruntrøyene tukta heimelaget med 2-1 i 16. mai-oppgjeret i fjor.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Den tidlegare FSK-spelaren og trenaren har mange 16. mai-oppgjer mot Førde blant sine 429 kampar for bruntrøyene.

- Dette er det største dei lokale spelarane på Førde og Florø får oppleve i løpet av sesongen. Eg vil påstå at det betyr meir for Førde å slå Florø, enn å slå Aalesund i cupen, seier Solheim-Olsen.

Reprise for FSK

Den tidlegare storscoraren til FSK tek 16. mai turen til Florø stadion for å sjå gamleklubben sin ta i mot erkerivalen frå Førde. Han trur FSK gjentek suksessen frå i fjor - og tuktar Knut Erik Folland sine spelarar.

LES OGSÅ: Dramatikk på Førde stadion

- Eg er rimeleg sikker på at FSK vil sleppe inn mål, så eg tippar 3-2 til FSK, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trur på Førde

Førde tronar øvst på tabellen med full pott etter fire kampar. FSK har så langt i år overraska med berre tap for Årdal. Bruntrøyene er nummer tre med sju poeng.

- Ser du på resultata, så er eg ikkje det minste i tvil om at Førde er det beste laget i divisjonen. Verken Årdal eller Stryn ser ut til å vere av liknande kaliber. Det blir nok Førde sin sesong i år. Men dei er ikkje så suverene at det ikkje går an å slå dei i einskildkampar, seier han og vonar at 16. mai-oppgjeret blir av ein slik sort.

- Vekkjer sterke kjensler

- Slike betyr like mykje over heile verda. Dei vekkjer sterke kjensler hjå spelarar og publikumarar. Og så er det råma rundt. Kampen i morgon vil trekkje like mange tilskodarar som resten av vårsesongen til saman, seier han.

- Det er den største kjensleladde kampen, legg han til.

Boren på gullstol

Det er duka for fleire klassiske lokaloppgjer i 3. divisjon fredag 16. mai. Men få er av same kaliber som oppgjeret mellom sunnfjordlaga Florø og Førde. Kampen er av mange skildra som "hatoppgjer". Solheim-Olsen har spelt mange slike oppgjer.

- Beste minnet må vere frå 1992 då vi slo Førde 3-0 i Florø. Eg scora alle tre måla. Det var ei spesiell kjensle å bli boren av bana på gullstol av 150 personar, seier han.

Tekst-TV på i to dagar

Like friskt i minnet er også eittmålssigeren over Førde - i Førde.

- Begge lag var i 2. divisjon og vi vann 2-1. Då leia vi tabellen, medan Førde var sist. Etter kampen vart det litt feiring med tabellen på tekst-TV på. Heime hjå meg var tabellen på i to dagar, ler Solheim-Olsen.

Tre heimefavorittar

Tippeselskapet Betsafe trur Førde vil trekkje det lengste strået i 16. mai-oppgjeret. Dei tru også på heimesiger mellom Selje og Høyang, medan Stryn er soleklare favorittar i oppgjeret mot naboen Eid.

På Måløy stadion er det duka for nytt nabooppgjer når Tornado Måløy tek i mot Skavøypoll. Også her trur Betsafe på heimesiger.

Kampane kan du følgje direkte på NRK Sogn og Fjordane sine heimesider.