Hopp til innhold

Fryktar Widerøe set opp prisen

Både reisande og flyplassleiinga ved Førde lufthamn fryktar at Widerøe set opp prisane etter at dei no har fått monopol på ruteflyginga til og frå Sogn og Fjordane.

Førde lufthamn, bringeland

PRIS: Fleire uroar seg for at prisane skal auke etter at Widerøe misser konkurransen med DAT på dei regionale flyrutene til og frå Sogn og Fjordane.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Torsdag vart det klart at Danish Air Transport, DAT, misser flyginga til og frå Florø. Med det vert Widerøe det einaste selskapet som opererer i Sogn og Fjordane, med unnatak av DAT si kommersielle rute mellom Florø og Stavanger.

Sjef ved Førde lufthamn, Bringeland, Otto Gjesdal seier til avisa Firda at det er grunn til å uroe seg for at prisane no vil auke.

Gjesdal er ikkje i tvil om at konkurransen mellom dei to selskapa har vore gunstig for prisane, og er no spent på korleis gårsdagens rutetildeling vil påverke lommeboka til dei reisande.

Han får støtte av fleire reisande som håpar at Widerøe ikkje utnyttar situasjonen.

Men kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøe avviser at dei reisande har grunn til uro for auka prisar. Etter at dei igjen har monopol i Sogn og Fjordane lovar han betre beredskap for å oppretthalde regulariteten. Kongsteien seier vidare til Firda at prisnivået kjem til å halde seg.

– Dei største konkurrentane for oss er buss og bil og båt. Vår jobb er å fylle flya og stimulere folk til å reise, og difor vil vi også ha eit bra tilbod med rabatterte billettar, seier han til Firda.