Frå nyttår kan det bli meir korttidsutleige av leilegheiter i burettslag.
Mens burettslaga i dag kan krevje at andelseigarar må søkje styret om å få leige ut leilegheita, gir regjeringa sine endringar i eigarseksjonslova frå årsskiftet rett til å drive korttidsutleige i inntil 30 dagar kvart år.
Utgangspunktet for lovendringa var å regulere Airbnb-utleige betre.
Men i fleire burettslag er det ifølgje huseigarforeininga NBBL frykt for at auka korttidsutleige skal skape uro og føre til fleire tjuveri.
– Går ut over tryggleiken
Mange huseigarar ser god butikk å kunne leiga ut nokre dagar eller helger. Andre ser på det som ei plage for bumiljøet.
I Solheim borettslag i Solheimsviken i Bergen har styret sett foten ned med beskjed til alle om at dei ikkje kan godta korttidsutleige.
Dei sa også nei då det kom fleire spørsmål om utleige under sykkel-VM for to år sidan.
– Dette vil gå direkte ut over tryggleiken til dei som bur her. Ein enkel nøkkel gir tilgang til alle inngangsdører i blokka. I tillegg får ein tilgang til ein kjellar med 60-70 buer som er felles for alle, seier styreleiar Per Arne Netland.
EIN NØKKEL: I Solheim burettslag gir den same nøkkelen tilgang til inngangsdører, buer og andre fellesareal.
Foto: Paul André Sommerfeldt / NRKFryktar innbrot
Han fryktar både tjuveri og innbrot når uvedkomande får fri tilgang på fellesareal dei ikkje skal ha tilgang på.
– Dei som bur her lagrar mange ting i buene i kjellaren, også ting av verdi. Og det er ingenting i den nye lova som tar omsyn til dette. For oss er tryggleiken det viktigaste, og den tek regjeringa frå oss med å vedta denne loven, seier han.
– Kunne dette ha blitt løyst ved at leigetakarar fekk nøklar som ikkje gir tilgang på fellesareal?
– Då måtte vi ha skifta heile låsesystemet. Med 245 leilegheiter ville det blitt ein uhorveleg kostnad for oss, seier Netland.
PRIVAT: I kjellaren får leigetakarar tilgang på mellom 60 og 70 buer der mykje verdifullt står lagra.
Foto: Paul André Sommerfeldt / NRKIkkje lov å nekte
Direktør for interessepolitikk og jus i Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL), Henning Lauridsen, stadfestar at burettslag etter 1. januar ikkje kan nekta nokon av dei som bur der å driva korttidsutleige.
– Nei, det kan dei ikkje. Dette er ein rett for eigaren, så dersom han eller ho held seg under 30 døgn i året, og leigetakaren oppfører seg ordentleg, kan ikkje burettslaget seie nei.
Heller ikkje tilgangen til garasje, trimrom eller kjellar kan stengast av for leigetakarar, seier Lauridsen.
– Frå årsskiftet kan ikkje styret nekta det. Dersom eigaren har tilgang til garasjen eller ein kjellar, så vil leigetakaren også ha det. Ein kan gjerne oppmoda eigaren om å droppa nøkkelutlevering til garasje, men styret kan ikkje laga reglar om dette.
EIGARS RETT: Henning Lauridsen i Norske bustadbyggjelags landsforbund seier huseigar frå nyttår vil ha rett til å leige ut så lenge det er snakk om under 30 døgn i året.
Foto: Bjørn Atle Gildestad / NRK– Ein god balanse
Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Thorleif Fluer Vikre (Frp) er ikkje uroleg for tryggleiken.
– Eg trur ein uroar seg for mykje på forskot, seier Vikre.
Han viser til at ein i dag kan leige ut med styregodkjenning, og at leigetakarar difor allereie har tilgang til fellesareal.
– Dette er eit ganske moderat frislepp. 30 dagar er ikkje så mykje, men det gir andelseigarar høve til å ta del i delingsøkonomien.
Vikre er ikkje samd i at lovendringa er å ta for mykje av sjølvråderetten frå styra.
– Det er sjølvsagt ein grensegang mellom kor mykje ein sjølv skal kunne bestemme og kor mykje fellesskapen skal bestemme, men eg synest dette er ein god balanse, seier statssekretæren.