Hopp til innhold

Fryktar konkursar

Sogn og Fjordane fiskarlag er redd nytt regelverk skal føre til konkursar langs kysten.

Jarl Magne Silden, leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag.
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Konsekvensane er fatale for kysten av heile Noreg dersom det blir gjennomført, seier leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Jarl Magne Silden. Han er ein av mange som no er redde for arbeidsplassar langs kysten.

Departementet tilrår i ei høyring å stoppe fisket av småsei, under 40 centimeter. I praksis betyr det at berre store havgåande båtar får fiske fiskesorten som stikk til havs i vaksen alder.

Dagleg leiar ved Bulandet fiskeindustri i Askvoll, Per Arild Tysse, seier han fryktar kroken på døra. – Her er ikkje vidare driftsgrunnlag om fiske blir vekke.

LES OGSÅ: Kystfiskarar fryktar for framtida

– Særs problematisk

Også Jarl Magne Silden trur forslaget får dramatiske følgjer. Han fortel at fleire nye båtar som er under bygging har tenkt å basere mykje av drifta på seifiske. – Også den eksisterande flåten vil få store problem framover, fryktar Silden.

Han ser at styresmaktene har eit ynskjer om å ta vare på bestanden, og at det kan vere fornuftig, men at det likevel slår feil ut.

– No blir det ei omfordeling mellom gruppene. I praksis stengjer ein ute ei gruppe, medan ei anna får ta del i fiskeriet, seier Jarl Magne Silden.