Hopp til innhold

Fryktar for akuttmedisinsk tilbod

Vi får eit halvparten så godt akuttmedisinsk tilbod som før, meiner ordførarar.

Lærdal sjukehus
Foto: unknown / NRK

Sogningane får eit halvparten så godt akuttmedisinsk tilbod som før på grunn av omlegginga ved Lærdal sjukehus.

Det meiner ordførarane i Årdal, Lærdal, Aurland og Vik.

- Aksepterer ikkje omleggingane

I dag sendte ordførarane eit ope brev til styret i Helse Førde om omlegginga av overvakinga ved sjukehuset i Lærdal.

- Vi aksepterer ikkje at sogningane skal ha eit dårlegare akuttmedisinsk tilbod enn resten av fylket, seier ordførar i Lærdal Arne Sanden.


- Dei tek feil

Nesteliar i styret i Helse Førde, Jorunn Ringstad, meiner at Arne Sanden tek feil.

- Ut i frå dei omleggingane som er gjort og samanlikna med resten av fylket er ikkje tilbodet i Sogn dårlegare. Omlegginga som er gjort i Lærdal er forsvarleg. Fylkeslegen har heller ikkje innvendingar mot den, seier Ringstad.

- Prosessen ikkje god nok

Ordførarane skriv også at dei synest at prosessen kring omlegginga frå fire til to til fire akuttmedisinske senger har vore urovekkjande. Mellom anna peikar dei på at fagpersonellet ved Lærdal sjukehus ikkje har blitt tekne med på råd.

- Det har ikkje vore noko som tilseier at saka ikkje var grundig nok utgreia, seier Jorunn Ringstad.

Pressa økonomi

Ordførar i Lærdal, Arne Sanden, har i denne saka ikkje mykje sympati for at Helse Førde er pressa økonomisk.

- Det kan ikkje vere slik at dei sjukaste av dei sjuke vert ramma av kutt, seier han.