Hopp til innhold

Fryktar fleire ulukker på Storen

Punktet der ein 48 år gamal fjellklatrar omkom er eit kjent ulukkespunkt. Lensmann i Luster, Asle Karoliussen, fryktar det vil skje fleire ulukker i framtida.

Asle Karoliussen og Store Skagastølstind.

KJENT PUNKT: Lensmann Asle Karoliussen seier ulukkespunktet under Store Skagastølstind er kjent.

Foto: Fotomontasje: Privat/Heidi Fagna (NRK)

48-åringen, og ei 52 år gamal kvinne som vart alvorleg skadd, gjekk først av eit turfølgje på sju ned frå Store Skagastølstind.

Følgjet hadde gått Skagastølsryggen og Storen, då mannen sklei på det nedste snøfeltet før ein kjem til hytta på Bandet.

– Den nedste delen av fonna er ganske bratt. Mannen glei utfor ei hylle i det han skulle krysse. Han døydde av skadane, fortel lensmann Asle Karoliussen.

For langt nede

I forsøket på å kome mannen til hjelp sklei også kvinna og skadde seg i ryggen. Ho vart sendt til Haukeland med alvorlege skader.

Fire unge klatrarar på veg oppover høyrde rop om hjelp i 11-tida søndag.

– På denne tida av døgnet er det vanskelegare å krysse fonnene fordi sola og temperaturen ikkje har varma overflata. Etter ruta, og opplysningar frå dei som guidar, skal fonna kryssast høgare opp enn det desse to gjorde. Der er det flatare og lettare å krysse, seier Karoliussen.

Fleire faktorar

Det er uvisst kvifor dei to klatrarane tok seg ned og inn på fonna, lenger nede enn det som er vanleg.

Løypa er ikkje merka fysisk i terrenget, men skal vere merke i klatrebøker og klatrekart. Turen dei deltok på var ikkje ein guida tur.

– Det kan vere fleire årsaker til det. Det var tåke i området då ulukka skjedde, og det kan ha gjort det vanskeleg å orientere seg slik at dei kom ut av kurs. Vi veit at turen tok lengre tid enn planlagt. Slikt kan gjere ein meir oppsett på å komme ned og ein gjer val som kan bli fatale, seier Karoliussen.

Populært mål

– Det er eit området vi har hatt ulukke tidlegare av same årsak. Ein får stor fart når ein sklir på snøen, held lensmannen fram.

Jostein Aasen

GUIDE: Jostein Aasen.

Foto: privat

Guide og fjellførar Jostein Aasen i Norgesguidene seier turane til Store Skagastølstind blir meir og meir populære.

Selskapet har spesialisert seg på turar, kurs og utdanning innan fjellsport. Dei arrangerer mellom anna turar til Norges tredje høgaste fjelltopp, Store Skagastølstind.

Fryktar fleire ulukker

– Det er veldig mange som har bestilt tur på Storen. Sist eg høyrde, var alt fullbooka til midten av august, seier han.

Lensmann Karoliussen seier dei har fått med seg den store interessa for å klatre og gå i fjellet i Hurrungane. Han seier ulukkespunktet er kjent.

– Det har vore opp til fleire ulukker før, og eg ser ikkje vekk ifrå at det kan bli fleire. For utfarten og aktiviteten i området er stor. Spesielt når vêret er som no, seier lensmann Asle Karoliussen.

– Søk informasjon

– Kva kan ein gjere for å unngå at slikt skjer igjen?

– Ein må få mest mogeleg informasjon ut, og turgåarane må søkjer så mykje informasjon som mogeleg før dei legg ut på tur, seier han og oppmodar dei som har tenkt seg i fjellet, uansett erfaring, bør oppsøkjer guidar og turleiarar om informasjon.

– Mange legg ut på turar sjølve, og går ut frå område på eige initiativ og eiga oppfatning av kva ein skal gjere. Men vi ser det er mange som bommar på tidsfaktoren og brukar lengre tid på turen enn dei har tenkt, seier han.