Hopp til innhold

Fryktar fleire tunnelbrannar

Bratte tunnelar kan gje fleire brannar i vogntog fryktar brannsjef. Han er uroa etter brannen i Oslofjordtunnelen.

Evakuerte Oslofjordtunnelen

TUNNELBRANNAR: Brannsjefen i Aurland fryktar at det kan skje brannar i Aurland som den i Oslofjordtunnelen.

Foto: Tipser

Arvid Gilje

TUNNELBRANNAR: Brannsjefen vil ha risikovurdering av alle tunnelane i kommunen.

Foto: Arne Veum

Arvid Gilje er brannsjef i Aurland kommune. Der har det vore mange farlege brannar i vogntog inne i lange og bratte tunnelar.

– Det er synd det må skje alvorlege brannar før det kjem løyvingar. Men eg trur nok det at det no blir fortgang på å få pengar til sikring av slike tunnelar.

Brann i Oslofjordtunnelen

Han ser med skrekk på det skjedde i Oslofjordtunnelen i førre veke. Der tok eit utanlandsk vogntog fyr fordi at bremsene vart for varme. Gilje seier bratte tunnelar er farlege.

– Dei har hatt mange brannar og dei endå farlegare når det er brattare. For då kjem røyken raskare opp, og det blir ein slags skorsteinseffekt.

Har stengt tunnelar

Brannsjefen i Aurland har stengt tunnelar før på grunn av dårleg sikring. Han har vore inne på tanken om å gjere det på nytt. No vil ha nye risikovurderingar i alle tunnelar i kommunen.

Tunnelbrann

BRANN: Ein brann kan utarte på denne måten fryktar brannsjefen.

Foto: Nyhetsspiller

– Fyrste steg er risikovurdering, og der er jo avvik i tunnelane her i dag etter tilsyn. Dessverre får dei altfor små løyvingar slik at vi ikkje får lukka avvika.

Han fryktar at det kan skje brannar i tunnelane i kommunen.

– Vi har vore heldige at det ikkje har omkomme nokon i brannar.