Hopp til innhold

Frykta skiløparar var tekne av skred

Store ressursar vart sett i sving etter eit snøskred ved Fanaråken i Luster kommune søndag føremiddag. Ein frykta først at tre personar kunne vere tekne, men etter søk i området vart aksjonen avslutta.

skred

INGEN TEKNE: Skredet i Fanaråken i Jotunheimen var 200 meter langt og 50 meter breitt. Ingen personar blei tekne av skredet.

Foto: Norsk Luftambulanse

SISTE: Klokka 13.15 melder politiet på Twitter at ingen personar er tekne av skredet og at aksjonen er avslutta.

200 meter langt

skredd

50 METER: Skredet ved Fanaråken var 200 meter langt og 50 meter breitt.

Foto: Norsk Luftambulanse

Det vart sett i verk ein større redningsaksjon etter at det like før klokka 12 søndag kom melding om eit snøskred ved Fanaråken i Jotunheimen. Skredet er vel 50 meter breitt og 200 meter langt.

Det var observert tre turgåarar i området der raset gjekk, og lenge var det usikkert om desse var tekne.

– Ein skigåar har sett skredet og visste at det var tre andre som gjekk i den løypa som gjekk inn i skredet. Men det er uvisst om dei er tekne, opplyste operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Trond Hatlenes, i Florø til NRK.no klokka 12.25.

Store mannskap sett inn

Mannskap frå politiet, Norske redningshundar og eit redningshelikopter vart sende til området. Også mannskap frå Røde Kors og ein luftambulanse rykte ut.

– Fram til vi har fått avklart situasjonen til dei tre har vi sett i gang heile apparatet. Det inneber mellom Sea-King frå Florø, luftambulanse frå Dombås, skredgrupper og redningshundar, fekk NRK opplyst ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

Fleire skispor inn og ut av raset

– Det er fleire skispor som går gjennom rasområdet både i forkant og i etterkant. Det er ingen andre ras i området, sa operasjonsleiar Hatlenes i politiet klokka 12.40.

Luftambulansen frå Dombås var då i området.

– Akkurat no er det ingen fysiske søk i raset. Men vi har tre hundeekvipasjar på veg med redningshelikopteret, i tillegg er også skredgruppa på veg, sa operasjonsleiaren.

Klokka 13 opplyste politiet at det ikkje var gjort funn i skredet frå bakken og kort tid etter vart aksjonen avblåst då det ikkje var teikn til at personar var tekne av skredet.

Betydeleg skredfare

Fanaråken er ein veldig populær fjelltopp i Jotunheimen. Like ved toppunktet som ligg på 2068 meter over havet ligg Fanaråkshytta.

Ifølgje skredvarslingstenesta varsom.no er det framleis betydeleg skredfare i området. Skredfaren har vore stor i området i over ei veke og er venta å vere det også framover.

Også i går gjekk det ras i Jotunheimen, då ved Kalen. Ingen personar vart tekne av raset.