Hopp til innhold

Frykta mannen skulle bli drept

Arbeidsulykka på Ulriksbanen laurdag var langt frå så udramatisk som dei første meldingane har tyda på, fortel augevitne.

Gjenåpning av Ulriksbanen

Vitne til den dramatiske hendinga, frykta det kunne bli ei dødsulykke.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

– Eg var redd dette skulle gå aldeles gale, fortel Halvor Folgerø. NRK-journalisten hadde konfirmasjonsselskap i restauranten på Ulriken laurdag .

– Skreik til baneføraren!

Då gjestene skulle ned vart den fine dagen brått eit mareritt både for han og gjestene hans. Ikkje minst for dei små borna som var inne i gondolvogna då ulykka skjedde.

Vanlegvis kan ikkje bana starte før dørane i gondolvognene er lukka. Laurdag var denne sikkerhetsanordninga ute av drift etter eit lynnedslag.

– Mannskap på øvre og nedre stasjon hadde kontakt med kvarandre via walkie talkie. Men her var det tydeleg kommunikasjonsvanskar, fortel Folgerø enno rysta etter den dramatiske avslutninga av konfirmasjonen.

– Han som betjente gondolen oppe ropa, og ropa i walkie talkie til mannen på nedre stasjon om at han ikkje skulle starta banen. Døra var open og banen var ikkje klar til avgang. Men banen vart starta, fortel Folgerø om slik han opplevde hendinga.

Vart skremde

Han sto sjølv utanfor, men hadde den vesle son sin og fleire andre gjester om bord i gondolvogna. Ørjan Teigen var ein av dei. Han såg mannen snakke i walkie talkie med nedre stasjon, han prøvde å kaste seg inn i gondolen, men kom i klem mellom gondolen og eit stengsel på stasjonen.

– Til slutt vart trykket så kraftig at glaset på vogna gav etter og han falt inn til oss. Den skadde mannen ropte då at vi måtte trykke på naudstoppen. Men den virka ikkje – på grunn av teknisk feil, seier han.

Vognene vart styrt manuelt fra nedre stasjon. Naudutstyret om bord virka ikkje, etter lynnedslaget.

– Trudde vi var i fri fart

– Eg tenkte at no går dette i fri fart ned, fortel han til NRK. Men han kjende etter kvart at vogna gjekk som den skulle på kabelen.

– Det var godt! Til slutt fekk vi også lukka døra i vogna, seier han.

– Den skadde mannen vart liggjande i vogna med kuttskader i hovud og hals. I tillegg hadde han brekt armen, og klaga på vondt i nakken. Han var tydelig i sjokk, fortel Teigen.

Lange minutt

Han forteller at det vart lange minutt i vogna saman med den skadde. På grunn av dei tekniske problema gikk vogna på halv fart. Det var lite passasjerane om bord kunne gjere, utover å ringe etter ambulanse. Den sto og ventet då banen kom ned.

– Det var ei sjokkerande oppleving for oss alle. Vi er veldig glade for at mannen lever, han må ha hatt englevakt. Han kunne like gjerne ha blitt delt i to der oppe, seier Teigen. Borna som var med, var mellom fem og 11 år og opplevde situasjonen som svært dramatisk.

Har snakka mykle om hendinga

– Det er klart, men vi har snakka om dette, og meldinga om at det har gått bra med mannen gjorde at dette gjekk bra, meiner han.

Selskapet som hadde starta med middag på Ulriken og skulle avslutte med kaffiselskap heime, vart eit reint mareritt for alle gjestene.

Folgerø understrekar likevel at han og det øvrige selskapet følte seg godt teken vare på av betjeninga i restauranten, både i selskapet og etter den dramatiske hendinga.

– Saka vert etterforska

– Politiet har varsla både taubaneavdelinga på Veritas og Arbeidstilsynet om hendinga. Det skjedde i helga, opplyser politibetjent Eirik Daae ved Brann- og tjuveriavsnittet ved Hordaland politidistrikt til NRK.no.

– Politiet vil også avhøyre vitner til hendinga. Kva som vidare vil skje er litt tidleg å foregripe no. Men vi vil blant anna undersøkje kva slags rutinar dei har for drifta. Og om desse rutinane er følgde, seier Daae til NRK.

Taubanetilsynet er klare på at Ulriksbanen køyrde ulovleg og braut instruksjonen då dei køyrde banen laurdag.

– Tryggleikssystemet vart satt ut av drift på grunn av lynnedslag. Ulriksbanen er underlagd konsesjonsvilkår og ein instruksjon som seier at banen ikkje skal køyre når tryggleikssystemet er nede, seier leder Roar Mo i Taubanetilsynet.

LES MEIR OM KVA TAUBANETILSYNET SEIER OM SAKA: – Klart brudd på konsesjonen

Ulriksbanen blei stengt laurdag og blir verande stengd til alt er i orden.