Hopp til innhold

Frp kaprar 16-åringane

I prøvekommunen Austevoll er Frp populær blant dei yngste veljarane. Partiet talar ungdommen sitt språk, meiner valforskar.

Video Frp populær blant 16-åringane

Frp populær blant 16-åringane

I fleire kommunar får 16-åringar stemme i år - blant anna i Austevoll.

Diggar Frp-ordføraren

Og det nyt Framstegspartiet i kommunen godt av. Medan partiet elles slit på dei lokale meiningsmålingane, er det reine vekkinga blant dei unge i øykommunen.

Spesielt er ordførar Helge André Njåstad populær hos 16 år gamle Lisbeth Haugland Vik. Njåstad har sete i kommunen sin toppjobb i åtte år, og går til val på ei ny periode.

16-åring med stemmerett

NY FRPAR: Lisbeth Haugland Vik er så nøgd med Frp at ho melde seg inn i partiet då dei besøkte skulen.

Foto: NRK

– Han er en kjempeordførar, og får ting gjort, meiner ho.

Då partia besøkte Austevoll vidaregåande skule for å driva valkamp denne veka, fekk Frp sine medlemslister mange nye tilskot. På få timar på skulen hadde 50 elevar meldt seg inn i partiet - og Lisbeth var ei av dei.

Frp-ordførar: Gje alle 16-åringar stemmerett

Kanskje ikkje så rart at ordføraren då er ein av dei som er for å gje 16-åringar stemmerett.

Austevoll er ein av 20 kommunar som i år er med prøveordninga med å la 16-åringane stemma i valet.

Helge André Njåstad

GJE DEI STEMME: Ungdommen liker Frp-ordførar Helge André Njåstad, og han liker dei. Njåstad meiner prøveordninga må utvidast til heile landet.

Foto: NRK

– Dette bør innførast, slik at ungdommen kan vera med å påverka lokalpolitikken. Det er veldig viktig, meiner Njåstad, som sjølv blei den yngste ordføraren i Noreg som 23-åring for åtte år sidan.

Frp når lettare gjennom til dei unge

Og det er ikkje tilfeldig at ungdommen liker Frp, meiner valforskar Hilmar Langhelle Mjelde.

– Frp har en del saker som engasjerer, som innvandringsskepsis, strengare straffer og skattelette. Og disse sakene argumenterer dei for på ein måte som folk forstår.

– Då trur eg også dei når lettare gjennom til dei unge, som kanskje ikkje alltid er like interesserte i politikk. Frp er ikkje forsiktige, men går rett på sak, seier Mjelde.

Hilmar Langhelle Mjelde

TREFF UNGDOMMEN: Frp går rett på sak, og treffer dermed ungdommen, meiner valforskar Hilmar Langhelle Mjelde.

Foto: NRK

Mjelde trur ikkje andre parti greier å retta seg mot ungdommen på same måte. Ein av grunnane er at alle skuledebattar er avlyst i år.

– Eg er ikkje sikker på om den avgjerda var lur. For ein av grunnane til at vi skulle ha stemmerett for 16-åringar, var at vi skulle trekkja ungdommen inn og få meir fokus på saker som engasjerer ungdommen.

Er du einig i at Frp treffer dei unge? Bruk kommentarfeltet under!