Hopp til innhold

Strålte om kapp med sola

I strålande solskin vart statuen av Odd-Bjørn Hjelmeset avduka laurdag føremiddag. Stig Eikaas var i storform, og alle dei 300 personane som hadde møtt opp fekk sjå at Hjelmeset vart særs godt nøgd med resultatet.

Odd-Bjørn Hjelmeset, Stig Eikaas og Sigmund Arild Vereide

Odd-Bjørn Hjelmeset, Stig Eikaas og Sigmund Arild Vereide. Mykje folk og strålande vêr laga ei flott ramme for avdukinga.

Foto: Alf Vidar Snæland

Laurdag var det endeleg klart for avdukinga av den mykje omtala skulpturen av Odd-Bjørn Hjelmeset som kunstnaren Stig Eikaas har laga. Over 300 personar hadde møtt opp for å vera med på arrangementet, og dei fekk oppleva ein kunstnar i storform.

Eikaas glitra

Ifylgje kjelder NRK har snakka med, var det fleire som sa at dei aldri hadde sett Eikaas i so godt humør. Han heldt ein 15 minutt lang seanse før avdukinga med show og prat, til stor glede for publikum.

Det var Hjelmeset sjølv som fekk æra av å avduka skulpturen, og han var tydeleg særs godt nøgd med skulpturen etterpå.

NRK si kjelde seier at dei fleste tykte at det var ein flott skulptur, og at stålkonstruksjonen synte fram skihelten på ein framragande måte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hjelmeset framfor statuen

Smilet gjekk nesten heilt rundt då skulpturen vart avduka.

Foto: Alf Vidar Snæland

Stål

Skulpturen, som er laga av stål, skal stå ved Gloppen Hotell. Den endelege plasseringa på hotellet er enno ikkje klart, då hotellet er inne i ein ombyggingsfase. Eikaas har tidlegare uttalt at materialvalet var særs enkelt, det måtte bli stål i bein og armar.

Stort sett alle dei frammøtte var godt nøgde med kunstverket, som vil stå som eit symbol på mannen med den karakteristiske teknikken og stålmannen, Odd-Bjørn Hjelmeset.

Saka vert oppdatert med fleire bilete og kommentar frå hovudpersonen sjølv.