Framleis over 20 stengde vegar
– Me har framleis eit tjuetals stengde vegar i Vestland og Rogaland, seier trafikkoperatør Christian Strømmen i Vegtrafikksentralen.
Ved 13.30-tida var det over 100 stengde vegar i dei to fylka. Nokre få av vegane er stengde av andre grunnar enn «Amy».
– Men det er framleis ein del tre og busker. Det er ikkje heilt over enda. Det er ein del oppryddingsarbeid att, seier Strømmen.
Han viser til at dei også er avhengige av straumselskapa.
– Det er ofte straumlinjer involvert når tre har falle over vegen.
Ryddearbeidet vil halda fram søndag.
– Ofte blir det gjort ein grovare reinsk for å opna vegen, og så må ein ta detaljane med kosten til slutt. Det er ikkje prioritert akkurat no.