Hopp til innhold

Vi er framleis dårlegast på vegadresser

Over 50.000 personar i Sogn og Fjordane har ikkje vegadresse. Det kan føre til store problem for utrykkingskøyretøy.

Inger Margrethe Kristiansen
Foto: Sveinung Engeland, Kartverket

Sogn og Fjordane er dermed det fylket som kjem dårlegast ut. Berre 40 prosent hus og eigedommar i fylket har vegadresse.

Dei som kjem best ut er Gulen, Balestrand og Leikanger som nesten har full dekning, skriv Kartverket i ei pressemelding.

Dei fleste andre kommunane har eit godt stykke igjen og det er ingen av kommunane som har full dekning. I Solund, Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Selje har ingen vegadresser.

No ropar Kartverket eit varsku, for målet om at alle skal ha ei slik adresse innan 2015, blir neppe nådd.

– Med mindre kommunane tek eit skikkeleg krafttak, skal det godt gjerast at vi når målet, seier prosjektleiar Inger Margrethe Kristiansen.

Fleire mistydingar

Berre i 33 av dei 428 kommunane i landet har alle innbyggjarane ei vegadresse. Ei presis adresse er viktig for at ambulansar og andre utrykkingskøyretøy skal finne fram.

– Med stadig meir sentraliserte alarmsentralar oppstår det rett som det mistydingar når adressa er mangelfull. Det gjeld særleg der ein berre opererer med gards- og bruksnummer og der det er manglande gateskilt og husnummer.

Handlar om liv og helse

Kristiansen oppmodar kommunane til å setje av pengar til vegadresser i budsjetta som blir lagde i desse dagar.

– Vi ser at vegadressearbeid konkurrerer om ressursane med mange andre gode formål. Sidan dette ikkje er lovpålagd, kjem det ofte i bakerste rekke. Men sjølv om manglande vegadresser kanskje ikkje høyrest like dramatisk ut som mykje anna som står høgt på dagsordenen i kommunane, så handlar det faktisk om liv og helse, seier ho.

Kart som viser kven som har vegadresser

VEGADRESSER: Slik er statusen per kommune per 1. oktober 2013.

Foto: Statens kartverk