Framleis bålforbod

Ingen brannsjefar i fylket har førebels oppheva bålforbod. Det opplyser Alarmsentralen i Florø. Etter ei lang tørke og bålforbod, er det no venta mykje nedbør. Brannsjef i Sogn brann og redning, Vidar Trettenes, seier at dei truleg vil oppheve forbodet fredag.