Hopp til innhold

Frå elektrofag til song og dans

Til vanleg er det fag som elektro, design og handverk og service og samferdsle som opptek elevane. Men når skulemusikalen «Les Misérables» har premiere fredag kveld er elevane blitt songarar og dansarar.

Heile Eid vidaregåande skule er i sving for at oppsetjinga av musikalen skal gå knirkefritt i Operahuset Nordfjord, skriv skulen på sine heimesider.

I kveld går teppet opp for den første av tre framsyningar, og bileta frå generalprøva er eit tydeleg bevis på at publikum har mykje å gle seg til.

Musikalen «Les Misérables» er den mest berømte av alle franske musikalar, og er den musikalen som har blitt framført mest verda rundt. I Eid er det regissør Michael Pavelich som har øvste ansvaret, men det er elevane som fyller alle rollene.

I tillegg til at dei står på scena, er det også elevane som styrer lyd og lys, sceneteknikk og ordnar sminke. Dei har også laga kulissene og rekvisittane og har arbeidd med marknadsføringa av framsyningane.

Til vanleg er songarane og dansarane elevar på mellom anna elektrofag, studieførebuande, design og handverk, service og samferdsle og teknikk og industriell produksjon. Saman dreg elevane lasset, og både dei og regissøren er opptekne av kvalitet, profesjonalitet og godt teamarbeid.