Hopp til innhold

Fotball like spennande som valet

Største spenninga i Sogndal i haust er om fotballaget overlever i Tippeligaen.

Sogndal sett frå Kjørnes
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ved sist val vart Ap det desidert største partiet i Sogndal og Jarle Årvoll kapra ordførarklubba frå Karen Marie Hjelmeseter (Sp) som gjorde eit dårleg val for sitt parti. Det markerte slutten på ein lang Sp-periode i ordførarstolen i Sogndal.

Årvoll igjen?

Lite tyder på noko anna, sjølv om han igjen må handle med andre parti. Største utfordrar ved sist val var Frp.

No stiller Frp med Rita Navarsete, og gjer ho eit godt val, og skaffar seg politiske vener i andre parti... ja, så skal kanskje ikkje Årvoll vere for sjølvsikker. Uansett vil det vere overraskande.

Det gamle ordførarpartiet Sp stiller no med Laura Kvamme, Høgre med Karin Vikane etter Christen Knagenhjelm. Noverande varaordførar Heidi Katrin Osland (SV) stiller på igjen, det same gjer Helge Torstad i KrF. Eva Ramstad er ny listetopp for Venstre

Saker

Sogndal tenker kommunesamanslåing med Luster og Leikanger. Luster vil ikkje, men diskusjonen med Leikanger held fram.

Litt rivalisering med Lærdal om helsetilbod i samband med Samhandlingsreformen.

Trafikktilhøve i Gravensteinsgata er ein gjengangar. Her må nok også lokalpolitikarane på bana igjen med løysing og eventuelt vilje til bompengar.

Ein kommune med eit sterkt Frp vil alltid få diskusjon om privatisering kontra offentlege tenester.

"Gamle" stridssaker vil truleg påverke veljarane. I første rekke bruken av slakteritomta og fjordstien.

Sogndal - kommuneval

 

Ap

SV

SP

KrF

V

H

FrP

1995

30,0

6,9

30,8

7,9

6,3

8,5

9,6

1999

29,4

7,5

28,9

9,5

6,4

8,5

9,8

2003

30,0

9,8

29,4

6,2

4,0

5,7

14,8

2007

38,2

7,9

15,6

7,3

5,1

6,2

19,6