Etter først å ha sendt ut brev om at fødeavdelinga i Lærdal skulle bli omgjort til fødestove i dag, slår dei no kontra.
Ventar på kirurgane
Helse Førde har valt å oppretthalde fødeavdelinga ved Lærdal sjukehus til helseminister Dagfinn Høybråten har fatta eit endeleg vedtak. Høybråten vil ikkje gje klarsignal til ei forsterka fødestove før kirurgane er på plass og fødetilbodet i Indre Sogn er fagleg forsvarleg.
Jordmødre reiser heim
Dei innleigde jordmødrene frå Nord-Norge, som i dag skulle ha sin første arbeidsdag, er no reiste heim. Årsaka er at dei kom for å starte ei forsterka fødestove, ikkje jobbe på ei fødeavdeling.