Hopp til innhold

Forventar fullt trykk på flyplassane i dag

Påskeutfarten toppar seg i dag når titusenvis av reisande skal på påskeferie innanlands og utanlands. Det skriv Avinor i ei pressemelding. – Sjølv om vi er eit stykke unna 2019-nivå, ser vi at veldig mange nordmenn skal på reise desse dagane, seier Stine Ramstad Westby, Avinors konserndirektør for Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger lufthamn. Oslo lufthamn forventar rundt 86.000 passasjerar gjennom flyplassen denne fredagen åleine. Bergen får rundt 21.000, Trondheim 16.000 og Stavanger 12.000.

Bergen lufthavn flesland, stengt etter droneobservasjoner
Foto: Oddgeir Øystese / NRK