Hopp til innhold

Forundra over lekseparadoks

Ungdomsskuleelevar i Sogn og Fjordane gjer minst lekser i landet, men ligg likevel i karaktertoppen, det skriv Firda. Dette overraskar Hans Johan Breidablikk ved senter for helseforsking i Helse Førde. – Ein skulle tru det var omvendt. Det ser ut for meg som eit stort paradoks, seier han til avisa.

Hans Johan Breidablikk har studert korleis born og ungdom i Sogn og Fjordane har det.
Foto: Arve Stubhaug