Hopp til innhold

Forsvinn sporlaust frå mottaka

Mottaksleiarar fryktar mange asylsøkjarar lever i skjul i Sogn og Fjordane.

Asylsøker som tar fingeravtrykk

MANGE FORSVINN: Kvar månad forsvinn asylsøkjarar frå mottaka i Sogn og Fjordane. Ingen veit kvar dei dreg. Illustrasjonsfoto

Foto: Svein Bæren / NRK

Kvar einaste månad forsvinn det asylsøkjarar frå asylmottaka i Sogn og Fjordane.

- På dei ti åra eg har jobba på Bergum Mottakssenter, snakkar vi om iallfall 50 menneske, seier leiar Else Aabrekk til Firda.

10-12 forsvinn i Florø

I 2008 forsvann fleire enn 5000 personar frå flyktningmottaka i Norge. Ifølgje Aabrekk er det oftast snakk om ayslsøkjarar som har fått endeleg avslag på søknad om opphald på politisk eller humanitært grunnlag.

Situasjonen er heller ikkje ukjend ved Innvandrarsenteret i Flora.

- Vi har 130 plassar, og vi opplever stadig vekk at bebuarar forsvinn utan å leggje att si nye adresse. I snitt ser vi kanskje at 10-12 personar forsvinn kvart år, seier mottaksleiar Arild Hellesen til Firda.

Politiet: - Få tekne

Både Else Aabrekk og Arild Hellesen er overtydde om at det som følgje av dette lever asylsøkjarar i skjul i Sogn og Fjordane.

Politiet har teke personar som lever i skjul i fylket, men ifølgje lensmann Jan Egil Tvinde i Førde og Naustdal skjer dette på meir eller mindre tilfeldig basis.

- Det er veldig få som blir tekne i vårt område. Kanskje dreier det seg om ein person årleg. Oftast skjer det i samband med andre saker, der vedkommande ikkje kan legitimiere seg, seier Tvinde til Firda.