Hopp til innhold

For første gong har høgskulen mannlege helsesjukepleiestudentar

Ivar (31) er ein av tre menn som har kome inn på studiet i helsesjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet. Dei er dei første i høgskulen si historie.

Ivar Bjørkelund i sykepleieruniform og munnbind.

HISTORISK: Sjukepleiar Ivar Bjørkelund har kome inn på studiet i helsesjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet.

Foto: Privat

– Eg visste jo at det er få mannlege helsesjukepleiarar, men eg var ikkje klar over at vi er dei første her.

For første gong i Høgskulen på Vestlandet si historie, har det kome inn mannlege studentar på helsesjukepleie.

Ivar Bjørkelund er ein av dei tre som skal starte til hausten.

– Eg tenkjer at det er på tide, og så er det litt synd at det er få som har søkt før, seier Bjørkelund.

Stor konkurranse

Instituttleiar for Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Georg Førland, er nøgd med det han ser.

– Det er jo svært gledeleg at det er mannlege søkjarar som har kome inn. Det er jo svært ønskjeleg frå vår side, seier Førland.

Georg Førland Instituttleiar, Institutt for helse- og omsorgsvitskap

Førland meiner at det er viktig med mannlege helsesjukepleiarar på helsestasjonar.

Foto: HVL

Han meiner at det historisk sett har vore høge søkjartal på studiet og at det er samansette grunnar til at ikkje fleire menn kjem inn på studiet.

– Det eine kan jo vere fordi tittelen tidlegare var helsesøster, noko som kan ha blitt sett på som litt ekskluderande, fortel instituttleiaren.

I 2019 vart tittelen endra til å vere kjønnsnøytral.

– Og så er det eit studium det er vanskeleg å kome inn på, med stor konkurranse om plassane.

Søkarar til helsesjukepleie ved HVL dei siste fem åra fordelt på kjønn

Totalt

Menn

Kvinner

2022

573

21

552

2021

487

8

479

2020

445

18

427

2019

495

23

472

2018

421

8

413

På landsbasis viser tal frå Statistisk sentralbyrå at det i 2021 var 36 mannlege helsesjukepleiarar i landet, samanlikna med 7162 kvinner.

Av mennene var 28 i arbeid, samanlikna med 4990 kvinner.

Ikkje overraskande

Daniel Kendrick er utdanna helsesjukepleiar, og er i dag avdelingsleiar for skulehelsetenesta i Bydel Alna i Oslo.

Han er samd i at namnebyte kan ha verka positivt for å få fleire menn til å søkje seg til studiet.

Samstundes trur han at statusen til yrket, kan påverke kven som søkjar.

– Eg trur det er viktig å løfte heile feltet, og få fram at det er spesialisert sjukepleie vi driv med som helsesjukepleiarar, seier han.

Helsesykepleier Daniel Kendrick.

Kendrick var sjølv einaste mann i sitt kull ved Oslo Metropolitan University. Sidan 2018 har han jobba som helsesjukepleiar.

Foto: Privat

Kendrick fortel at då han sjølv var sjukepleiarstudent, blei han fleire gonger spurd om han skulle vidareutdanne seg til intensivsjukepleiar eller leiar.

– Eg stussa på at veldig mange spurde om det. Anestesi og intensiv blir kanskje sett på som spesialiseringar med høgare status enn helsesjukepleie.

Spennande jobb

– Det er veldig mange menn som kunne ha gjort ein god jobb som helsesjukepleiar, viss dei berre hadde tenkt seg om, seier Bjørkelund.

Han tenker at det å jobbe med barn og unge er spennande og viktig.

Ivar Bjørkelund med yngste barnet.

Bjørkelund har to barn som han trur kan ha innverka på ønsket om å jobbe med barn og unge. Det har gjort at han synest det er gøy å følge utviklinga til barn.

Foto: Privat

Bjørkelund meiner det er bra for studiemiljøet å få menn inn på studiet. Det er Kendrick samd i.

– Det er jo klart at debatten, og måten vi handterer tema på blir litt fattigare når det er lite mangfald, meiner Kendrick.

Kendrick seier at studiet inneber mykje erfaringsutveksling som han trur blir styrkt av ulike perspektiv.

Med aukande etterspurnad etter helsearbeidarar i arbeidsmarknaden, meiner instituttleiar Førland at høgskulen må bli betre på å løfte fram fleire gode rollemodellar for å auke rekrutteringa.

– Vi må vere meir offensive i rekrutteringa av mannlege studentar innanfor helse- og omsorgstenester generelt, seier instituttleiaren.