Hopp til innhold

Første fylkestopp i haust

No kan du røyste på din musikalske favoritt på Fylkestoppen.

Konsert med Sigrid Moldestad under Folkjazz i Stryn
Foto: Oddmund Olav Kjøsnes

Fylkestoppen er tilbake etter sommarferie 19. august klokka 11. For å røyste merker du av din favoritt, og trykker stem. Du kan maksimalt røyste ein gong i døgnet frå kvar pc. Du kan også røyste på SMS under radiosendinga.

Siste frist for nettrøyster er kl 10 torsdag 19.august. Presentasjon av låtane finn du under røysteskjemaet.

Ein Sæl Kyss – Sigrid Moldestad

Konsert med Sigrid Moldestad under Folkjazz i Stryn

Konsert med Sigrid Moldestad under Folkjazz i Stryn.

Foto: Oddmund Olav Kjøsnes

Sigrid Moldestad har stor suksess med den siste plata si Sandkorn. Breimingen har gjesta både tv og konsertscener i sommar, og er også på spelelistene til Nrk P1. På fylkestoppen gjekk ho til topps for andre gang i juni med radiosuksessen "Ein sæl kyss " Sandkorn er den andre soloplata frå Sigrid Moldestad som debuterte i 2007, med temaplata Taus. Ei plate som også gav spelmannspris til tausa frå Breim.

Min Tilgivelse - Xzwer

Xzwer

Xzwer frå Florø ligg på Fylkestoppen med Min Tilgivelse.

Foto: Erling Mot Korsnes.

Florøværing Michael Kildal, alias Xzwer, tok den nye songen "Min Tilgivelse" til andreplass i juniutgåva av Fylkestoppen. Grovt språk og aggressive utskjellingar av folk som står han nær har tidlegare prega songtekstane til den 19-år gamle artisten. I 2008 vart den unge rapparen politimeld av personar som kjente seg sjikanert i tekstane hans. Dei negative reaksjonane førte til ei grundig sjølvransaking. Resultatet vart ei endring i både takt - og tone. I sin nye song "Min Tilgivelse" ber han om orsaking.
Min Tilgivelse - Xzwer

Det Vil Alltid Finnast Ein Bar - Steinar Engelbrektson Band

Steinar Engelbrektson

Steinar Engelbrektson frå Julelutt 2009.

Foto: Simon F. Solheim

I slutten av mai kom Steinar Engelbrektson Band med ei førebels oppsumering av karriera. Då sleppte nemleg nordfjordingane samleplata "Aller beste". Inn i mellom plate-høgdepunkta hadde bandet også funne plass til ein flynkande ny låt som gjekk rett til tredjeplass på fylkestoppen. Steinar Engelbrektson er inne i sitt trettiande år som musiker. I 1996 stabla han på beina bandet som i dag er kjent som Steinar Engelbrektson band. Gruppa vart fort eit av fylkets mest etterspurte band, og i 2003 kom den første plata frå nordfjordingane.. Sidan er det blitt fire album til, og i 2008 blei dei nominert til spelemannspris for albumet Rabalder. På fylkestoppen prøvar dei seg med den "nye" låten på samleplata - Det vil alltid finnast ein bar.
Det vil alltid finnast ein bar - Steinar Engelbrektson Band

Blå Natt - Karin Haugen og Helge Bjorøy

Karin Haugen

Karin Haugen er på ny på Fylkestoppen saman med Helge Haugen.

Foto: Gunnar Haugen

Karin Haugen og Helge Bjorøy gjorde furore på fylkestoppen i 2008 med visa om Sommarkveld ved Skjerjehamn, som også vart årets fylkestopp det året. I slutten av november 2009 gav dei ut si første langspelplate, Blå Natt. Plata er ei blanding av eige-skriven musikk, plussa på med nokre storslagarar frå farna tider. Gulenduoen havna på andre plass i første runde med låta "Blå Natt" i januar. Sidan har dei vore trufast inne på fylkeslista, og er no med for sjette gong.
Blå Natt - Karin Haugen/Helge Bjorøy


Her er utfordrarane:

Mr. Tokyo – Eva & The Heartmaker

Eva Weel Skram

Eva & The Heartmaker frå sommarfest i Ortnevik 2010.

Foto: Stian Sjursen Takle/NRK.

Sogndalsjenta Eva Weel Skram sitt band Eva & The Heartmaker går så det susar på norsk radio i desse dagar. Låta heiter Mr. Tokyo, og har vore blant dei mest spelte både på NRK P1 og NRK P3 i sommar. Det er få som klarar å ligge på listene til den største radiokanelen og den største ungdomskanalen i Norge samstundes. Mr. Tokyo er første smakebit på den kommande plata frå bandet.
- Det nye albumet vil nok bli ei blanding av det vi høyrer på denne låta, og det du høyrde på den førre plata vår, fortel Weel Skram. - Det nye albumet vil nok bli ei blanding av det vi høyrer på denne låta, og det du høyrde på den førre plata vår, fortel Weel Skram.

Høyr Itte - Tyyl

Tyyl!

Tyyl frå Sommarlutt 2010 på Malakoff Rockfestival.

Foto: Øystein Torheim

Utfordrar nummer to til Fylkestoppen 19. august, "Høyr Itte" er henta frå det første albumet til Sogningane i rockegruppa Tyyl! Bandet som er kjent for å bruke sognedialekt i tekstane sine, og er stolt av plata som har tittelen "Ber Bod" - som kjem i butikkane denne månaden. Asbestfunn platestudioet, og bandmedlemmer som bur på kvar sin kant av landet, har gjort at Tyyl si debutplate har latt vente på seg. Gruppa som består av Håvard Øyrehagen, Vegard Loftesnes, Jon Landsem og Torkjel Solbraa.

Supersonic - Terrawatt

Terawatt

Terawatt er utfordrar på Fylkestoppen i august.

Foto: Svenn-Arve Myklebost.

Terrawatt er eit nytt band med fire av fem medlemmer frå Sogn og Fjordane. På vokal finn vi mellom anna Atle-Hjørn Øien, som vi kjenner frå det irskinspirerte bandet The Foggy Few. Med seg i Terrawatt har han Svenn-Arve Myklebokst, Per Hallstein Fauske, Stig Bruhjell og Anders Vengen Jensen. Bandet har vore i studio og spelt inn nokre av låtane sine, og på Fylkestoppen 19.august prøvar dei seg med songen Supersonic.