Den er brun og slimete, og til stor ergring for mange hageeigarar. Trass mange forsøk på å utrydde brunsnigelen, er den nok komen for å bli.
Men i sommar vil du truleg sjå færre av sniglane i hagen din – dersom minusgradene vi har sett dei siste dagane held fram.
– Berrfrost som vi ser på Vestlandet no, kan påverke bestanden av brunsniglar til våren drastisk, seier Bjørn Arild Hatteland, biolog ved Universitetet i Bergen.
Klarer nokre få minus
Brunskogsnigelen, også kalla mordarsnigel, er blitt hageeigarar sin verste fiende dei seinare åra. Snigelen kan bli opp til 15 centimeter lang, og er kjend for å øydeleggje blomar, grønsaker og frukt.
- Slik blir du kvitt dei:
Kvar snigel kan legge opp til 400 egg kvar, som klekkast på hausten. Vinteren tek knekken må på mange av sniglane, men egg og unge sniglar vil imidlertid overleve på frostfrie plassar nede i jord, under steinar, i komposthaugar eller liknande.
Men er det kaldt lenge nok, kan det påverke kor mange ein vil finne i hagen til våren.
Vêrmeldinga går ikkje sniglane sin veg
Ifølgje prognosane vil det vere minusgradar til og med søndag stort sett over heile Vestlandet, sett vekk ifrå kyststroka.
– I både i Hordaland og i Sogn og Fjordane vil temperaturen halde seg på minussida til og med søndag. Men det spørst om det er lenge nok til å ta knekken på snigelen, seier Frode Hassel ved vêrvarslinga på Vestlandet.
– Dersom frosten varer eit par veker vil nok folk oppleve at det er færre sniglar i hagen enn i fjor, seier Hatteland.