Hopp til innhold

Fôrmangel går utover lønsemda

Fôrmangel gjer at mange vestlandsbønder går ein tøff økonomisk vinter i møte. Innkjøp av lastebillass på lastebillass med fôr går hardt utover lønsemda.

Kyrne på Tune samdrift får mykje for som er kjøpt frå andre stader i landet og utlandet

IKKJE NOK: Elendige avlingar gjer at kyrne på Tune samdrift i Naustdal får ein del fôr som er bestilt inn frå andre delar av landet.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi har allereie bestilt fire trailerlass med 22 tonn grovfôr, seier Kjell Arne Herstad.

Han er medeigar i Tune samdrift i Åsedalen i Naustdal og er svært fortvila over situasjonen.

Elendige avlingar på grunn av mellom anna isbrann og avrenning gjer at fleire bønder må kjøpe store mengder fôr. Berre ved samdrifta i Åsedalen har dei måtte kjøpe fôr for 350.000 kroner.

– No lurer vi på om vi må bestille ein ekstra trailer. For oss er det så gale at vi nesten har fått halv avling, seier Herstad oppgitt.

Aldri opplevd maken til etterspurnad

For å få dyra til å produsere mest mogleg kjøt og mjølk er det tøffe krav til mengde og kvalitet på grovfôret. Dette kombinert med dårlege avlingar i år, gjer at mange bønder har altfor lite mat til dyra sine.

Alf Steinhovden i Vestfôr AS i Eikefjorden merkar det godt. Han har drive med kjøp og vidaresal av grovfôr i 20 år, og har aldri opplevd større etterspurnad enn i år.

– Eg merkar det godt på telefonen. Etterspurnaden har vore der i heile sommar, og det er ikkje vanleg.

– Eg brukar å ha fri frå fôrsalet om sommaren, men i sommar er det mange som har kjøpt fôr for å drive sommarmjølkproduksjon, seier han og fortel at enkelte bønder også har fått beita sine øydelagde.

– Store meirkostnader

Leiar i Bondelaget i Sogn og Fjordane, Per Hilleren, fryktar at fôrmangelen gjer at mange får problem med lønsemda.

– Det kjem litt an på korleis prisutviklinga er på fôret, men uansett er dette ein meirkostnad for næringa, seier Hilleren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alf Steinhovden og rundballar

ENORM ETTERSPURNAD: Alf Steinhovden har selt fôr i 20 år, men aldri har han opplevd at folk har hatt bruk for så mykje Alf Steinhovden har selt fôr i 20 år, men aldri har han opplevd at folk har hatt bruk fôr.

Foto: privat/Heidi B. Nilsen / NTB Scanpix

400 vogntog med fôr

Steinhovden, som selde fôr for nær 14 millionar kroner i fjor, kjøper mesteparten av fôret frå norske produsentar, men han kjøper også mykje frå Sverige. Denne vintersesongen trur han det kan gå tomt før neste sommar.

– I år blir det nok bortimot 400 vogntog til Vestlandet, om eg greier å skaffe det. Og eg trur vi kjem til å selje oss tomme, så når vi kjem til mars, april og mai, så kan det vere eg har problem med å skaffe meir, seier han.

– Eit normalt år sel eg rundt 200–300 lastebillass, men i år trur eg altså at eg det vil ende på 100 lass meir.

– Dramatisk

Den andre medeigaren i Tune samdrift, Kjell Aase, fortel at det vil merkast veldig godt på botnlina at dei må kjøpe så mykje fôr.

– Dette er dramatisk. Vi skal greie å ri av stormen i år, men skjer dette ofte vil det vere slitsamt økonomisk.

– Det er store tal vi snakkar om, og det merkar vi på botnlinja, seier han.

Kjell Aase og Tor Arne Herstad

DRAMATISK: Kjell Aase og Tor Arne Herstad ved Tune samdrift merkar det økonomisk at det er mangel på fôr.

Foto: Alf Vidar Snæland