Hopp til innhold

Barnehage-tilsette: – Kommunen har lurt oss

Kommunen brente ned barnehagen deira og lova dei heilt nytt bygg neste år. No legg politikarane heller ned heile barnehagen.

Foreldre og tilsette ved Trollskogen barnehage

FORBANNA: Pedagogisk leiar Grete Haveland (til venstre) og FAU-leiar Eli Myrmel Haukås trudde for få månadar sidan at dei skulle få ein heilt ny barnehage. Så snudde kommunen plutseleg.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vi som jobbar her føler også at kommunen har lurt oss, seier Grete Haveland, pedagogisk leiar i Trollskogen barnehage.

Barnehagebyråden i Bergen nektar å høyre på protestane frå fortvilte foreldre og tilsette ved barnehagen på Breistein i Åsane.

I fire år har kommunen lova dei nytt bygg, men nå blir heile barnehagen truleg lagt ned i staden.

– Vi føler oss urettferdig behandla når dei vel å leggja ned framfor å byggje den opp igjen. Dette er ein utruleg god barnehage som berre vert fjerna, seier FAU-leiar Eli Myrmel Haukås.

Brannvesenet brente ned bygget

Historia om løftebrotet frå byrådet i Bergen går tilbake til 2010. Då bestemte politikarane at heile barnehagen skulle renoverast.

Men så starta prosessen der tilsette og foreldre til å bli forbanna på byrådet.

For to år sidan vart alle dei 48 borna i barnehagen spreidde og flytta til mellombelse bygg. Så vart heile barnehagebygget jamna med jorda i haust.

Trollskogen barnehage brenner ned

BRANT NED: Medan tilsette og barn stod og såg på, vart den gamle Trollskogen barnehage brent ned i haust. Då trudde alle at ein ny barnehage venta om få år.

Foto: Bergen kommune

Det skjedde etter at brannvesenet fekk låne den rivingsklare barnehagen til øvingslokale. Etter to veker med brannøvingar tente brannvesenet på og brann ned heile bygget i september, med både barnehagetilsette og born som spente tilskodarar.

Då jubla dei over det dei trudde var første steg mot å få eit heilt nytt barnehagebygg.

Politikarane snudde plutseleg

Det må eg nok diverre seie at det er. Det er i aller høgaste grad eit løftebrot.

Barnehagebyråd Harald Victor Hove (H)

Men løfta om eit heilt nytt barnehagebygg hausten 2015 har smuldra vekk dei siste månadene. Dei tilsette i barnehagen har gått med på mykje fordi dei har visst at eit nytt bygg venta.

– Vi har strekt oss langt undervegs i denne prosessen. Det har vi gjort fordi vi har visst at resultatet til slutt blir veldig bra, seier Haveland.

For plutseleg har byrådet no snudd i saka. Dei går no inn for å leggje ned heile den kommunale barnehage frå neste år av.

Argumentet til byrådet er at prislappen for ny barnehage for 48 born har komme opp i 50 millionar kroner, og at det finst ledig plass i store private barnehagar i Åsane.

– Derfor er vi utruleg skuffa over måten vi har blitt behandla på.

Innrømmer løftebrot

Vi har heile tida hatt ein stor gulrot framfor oss i ein ny stor barnehage.

Eli Myrmel Haukås, FAU-leiar

– Det er eit klart løftebrot, seier FAU-leiar Myrmel.

Den påstanden kan barnehagebyråd Harald Victor Hove frå Høgre ikkje seie noko på.

– Ja, det må eg nok diverre seie at det er. Det er i aller høgaste grad eit løftebrot, seier han.

Men løftebrotet var naudsynt, meiner han.

– Men det er faktisk slik at vi ikkje kan gjennomføre eit løfte koste kva det koste vil. Det er beklageleg ovanfor tilsette og foreldre, men vi må sjå på heile bildet som politikarar og då får vi heller stå i den stormen vi har skapt.

– Når vi har ledig plass andre stader, så trengst desse pengane andre stader, seier Hove.

FAU-leiar Eli Myrmel Haukås er ikkje imponert over argumenta til byrådet. Ho peikar på at behovet for barnehageplassar i området ikkje vert mindre i tida framover.

– Ein forventar mellom 5000 og 8000 nye bustader i akkurat dette området, seier ho.

– God samfunnsøkonomi

– Er det god samfunnsøkonomi å leggje ned ein barnehage og byggje den opp seinare, Hove?

– Det er god samfunnsøkonomi å byggje ein barnehage når det er behov for plassane. Det står mange barnehageplassar tomme i dag.

– Er det ikkje eit paradoks å leggje ned barnehagar når det står mange i barnehagekø i Bergen?

– Det ville vore paradoksalt om vi sa til foreldre i pressområde andre stadar i byen at dei må dra til Åsane.

Barnehagemor og FAU-leiar Eli Myrmel Haukås er på gråten når ho tenkjer på kven nedlegginga går ut over.

– Det er borna våre som går og ventar, seier ho.

– Vi har heile tida hatt ein stor gulrot framfor oss i ein ny stor barnehage. Ungane står midt opp i dette. Nokre har allereie flytta frå eit erstatningsbygg til eit anna.

Vert avgjort om få veker

Flytting kan vere ein krevjande prosess for både born og tilsette.

– Når du flytter born til ein heilt ny plass, må du ha ein ny innkøyring. Det er klart at det å bryte opp er vanskeleg. Og når borna no skal over i nye barnehagar, vert ikkje vi som personal med dei, seier Myrmel.

Bystyret avgjer saka 20. mai. Foreldra vil kjempe til det siste for å få politikarane til å snu.

– Vi må berre gjere det vi kan og jobbe alt vi kan. Vi er ein veldig engasjert foreldregjeng, seier Haukås.