– Eg er strålande nøgd med stemnet. Plasseringa vart mykje betre enn venta, seier Bruland til NRK.
Rekord, rekord og rekord
Han fortel at han i forkant av meisterskapen har vore så nervøs at han gjekk ned tre kilo på tre dagar. Torsdag viste matchvekta 86,7 kg.
– Eg kom for å gjere 700 kg samanlagt. Det klarte eg!
Bruland løfta 275 kg i favorittøvinga knebøy, 165 kg i benk og 260 kg i mark, og sette med ny personleg rekord med høvesvis 10, 2,5 og 10 kg i dei ulike øvingane.
«Eit skikkeleg sliteløft»
– Det tredje og siste løftet i knebøy, på 275 kg, var eit skikkelig sliteløft. Men det gjekk, seier ein letta Bruland.
19-åringen frå Førde som til dagleg er elev ved kokkelinja på Øyrane vidaregåande skule, var ein av to nordmenn som deltok i si klasse. Konkurransen vart vunnen av ein utøvar frå Ukraina.
– No er meisterskapen over for min del. No skal eg berre kose meg og nyte resten av EM her på Hamar, seier Bruland.
Ønskjer å satse
Han har frå før gull i NM, andreplass i nordisk meisterskap og sette i fjor norgesrekord i markløft. Etter fjerdeplassen i junior-EM er motivasjonen på topp for vidare satsing.
– Dette er jo ein sport ein kan halde på med så lenge ein sjølv vil. No er målet å komme seg opp i 90-kilosklassen og halde seg der ut 2011. Deretter satsar eg på minus 100. Men eg blir aldri nokon stor tungvektar, seier Førde IL-utøvaren.
Skulle gjerne hatt fleire sponsorkroner...
Men det kostar å drive aktiv idrett.
– Det hadde vore fint med litt sponsorhjelp til utstyr. Treningsavgift, kosttilskot og utstyr er dyrt, seier Bruland som frir til potensielle sponsorar.
Fredag skal lagkompisen Kim André Blikås i elden i klassen minus 100.
Junior-EM på Hamar starta tysdag og blir avslutta laurdag.