Hopp til innhold

Førde norgesmeister i volleyball

Dei nybakte norgesmeisterane i volleyball vert tekne mot med stor fest i Førdehuset i kveld.

Førde vann cup-finalen i volleyball
Foto: NRK

Det er venta at bussen med laget kjem til Førde rundt klokka 19, og då inviterer Førde kommune og sponsorar til ei stor mottaking i Førdehuset.

Folk vert oppmoda om å ta med flagg, faklar og stjerneskot når cupheltane skal hyllast søndag.

Ruben Inderøy
Foto: NRK

18-åring dominerte

Ruben Inderøy var banas dominerande spelar, då Førde vart norgesmeister etter å ha slått Tromsø 3-1. 18-åringen skaffa laget 19 poeng i cupfinalen.

- Det er heilt vanvittig. Guten eig jo ikkje nervar. Dette var noko av det artigaste eg har vore med på. Han er heilt sjef. Det var ikkje ein kjeft som stoppa han, sa ein jublande Førde-trenar etter at cupsigeren var eit faktum.

Førde dominerte

Kampen starta med eit lite Tromsø-overtak, men på stillinga 16-16 snudde Førde kampen, og vann første settet 25-21.

Førde dominerte heile andre settet, og var oppe i fem-målsleiing halvveges i settet, og vann med fem poeng.

Historisk siger

I tredjesettet fekk Tromsø orden på servane sine, og Førde svikta i blokkarbeidet. Dei nordnorske serieleiarane vann 25-20.

Tromsø starta og det fjerde og siste settet best, men Førde viste mental styrke, og snudde kampen frå å ligge under 15-10 til å vinne settet 25-23.

Dette var første gongen Førde spelte cupfinale. Dei slo storfavoritten og åtte gonger cupmeister Tromsø med entusiasme og speleglede. 

Førde vann cupfinalen
Foto: NRK
Førde-trenar Arild Undheim jublar
Foto: NRK