Selskapet har levert programvare og utstyr som no i første omgang skal takast i bruk av Nordlandssykehuset i Bodø. Løysinga vil dei lansere vidare for andre norske sjukehus.
– CrediCare har fått eit nytt og spennande produkt for effektivisering av helse-Norge, seier direktør i selskapet, Hugo Mølmesdal, i ei pressemelding.
Nordlandssykehuset har vore sentrale i utviklinga av systema, og har bidrege med kompetanse om sjukehusa sine behov og har teke ansvar for å teste ut dei nye automatane frå CrediCare.
– Erfaringane med løysinga er svært god og nå tar vi dette eit steg vidare. Når pasientane utfører desse oppgåva sjølv kan vi bruke helsesekretærar på viktige område som skrivestover og timekontor, seier medisinsk direktør Beate Sørslett ved Nordlandssykehuset i pressemeldinga.