Hopp til innhold

Førde-festivalen klagar

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ikkje nemnd i Stortingsmeldinga om kulturelt mangfald. Festivalleiinga klagar no til kulturkomiteen.

Folkemusikkfestivalen i Førde 2005.
Foto: NRK

For dette er høgst merkverdig, seier festivaldirektør Hilde Bjørkum.

- Vi tykte det var dårleg, rett og slett, og vi fann ut at vi ville skrive eit brev til komiteen og gjere dei merksame på det.

 

- Ikkje eit ord

2008 er eit markeringsår for kulturelt mangfald. Stortingsmeldinga er i desse dagar til handsaming i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Men Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er ikkje nemnd med eit kløyva ord, og Bjørkum meiner dei er viktige.

 

Hilde Bjørkum

- Vi er ein av dei store aktørane, og dessutan er vi ein knutepunktinstitusjon, det er Staten sjølv som har oppnemnt oss til det, så ein skulle tru at vi vart trekt inn i dette arbeidet.

Fleirkulturelt aspekt

Festivalen i Førde er blitt arrangert kvart år sidan 1990. I løpet av dei 17 åra har festivalen opparbeidd eit stort fagleg nettverk innanfor det fleirkulturelle musikkfeltet både nasjonalt og internasjonalt. Besøkande får kvart år oppleve artistar frå mange land, seier Bjørkum.

- Det fleirkulturelle aspektet er aktuelt over heile landet, vi har starta inernasjonalt forum i Sunnfjord, det er klart at det er ei aktuell problemstilling.

- Ikkje berre Oslo-gryta

Ho seier regjering og storting sjølvsagt må gjere kva dei vil, men berre sentrale Oslo-aktørar er nemnde i meldinga. Bjørkum meiner heile landet må takast i bruk.

 - Det er litt viktig å seie frå at dei ikkje berre sjå Oslo-gryta. Departementet må bruke kompetansen som ligg utover i landet, og Førde-festivalet er ein høgkompetent aktør på dette området. Det tykkjer eg dei bør sjå og ta omsyn til.

- Dårleg handverk

- Trur du det er ein glipp dette her?

- Ja, eg reknar med at det må vere ein glipp, og at det ikkje er gjort bevisst, men eg synest det er dårleg handverk.