Hopp til innhold

Norsk stein blir forbode i Nederland – likevel er etterspurnaden kjempestor

Nederland meiner norsk stein kan gjere folk sjuke. Men norsk industri meiner Europa er heilt avhengig av Noreg.

Bremanger Quarry

BREMANGER QUARRY: Steinbrotet er eit av landets største og ligg i Bremanger kommune på Vestlandet.

Foto: Steinar Lote / NRK

Noreg eksporterer enorme mengder stein til Europa frå fleire stadar langs norskekysten. Steineksporten er verdt minst 2 milliardar kroner i året.

Men no vil Nederland stille så strenge krav at norsk stein i praksis blir forbode på jernbanenettet.

Men Norsk Bergindustri trur nederlendarane skal slite med å få tak i nok stein utan kvarts.

Det finst få steinbrot i Europa som kan levere.

– Det er sjølvsagt viktig for Noreg med eksporten, men vi kan snu på det: Europa er heilt avhengige av norsk stein, seier Hall.

Les også Norsk stein blir forbode i Nederland

Bremanger Quarry

Avsløring fekk konsekvensar

I fjor avslørte ein nederlandsk dokumentar at jernbanearbeidarar hadde blitt sjuke etter å ha jobba med norsk stein.

Det vart også avdekka at dei jobba utan verneutstyr.

I etterkant har det nederlandske arbeidstilsynet sett krav om at frå 1. september i år skal det bli brukt kvartsfri stein på nederlandsk jernbane.

Noko som i praksis ekskluderer alle store norske steinbrot frå marknaden.

Steinstøv i Nederland

Arbeid med jernbanespor i Nederland.

Foto: Jos van Zetten / Bnnvara

No følgjer mineralnæringa i Noreg spent med på utviklinga.

– Det er jo isolert sett alvorleg at ein marknad som Nederland står i fare for å forsvinne, men det er for tidleg å konkludere, seier Norsk Bergindustri sin generalsekretær Anita Helene Hall.

Klarer nesten ikkje å levere nok stein til kontinentet

Norsk stein er kjent for å vere svært hard og slitesterk. Bransjen opplev for tida enorm etterspurnad frå kontinentet.

No er det mangel på frakteskip som set avgrensingar på eksporten. Store vindparkar, nye flyplassar og vegar har skapt veksten.

Yeoman Bontrup på veg frå Bremanger Quarry

Eit lasteskip på veg frå Bremanger til Nederland med norsk stein.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Derfor er ho tvilande til at forbodet i Nederland vil få store følgjer for næringa.

Ho meiner det nederlandske arbeidstilsynet burde gjort som i Noreg.

– Det er overraskande at arbeidarane i Nederland ikkje har brukt verneutstyr. Arbeidstilsynet der burde halde seg til regelverket når det gjeld slike helsefarlege stoff. og gjere inspeksjonar.

Arbeidstilsynet i Nederland vil ikkje kommentere saka til NRK.

Anita Helene Hall

Anita Helene Hall er generalsekretær i Norsk Bergindustri. Bransjeforeininga for den norske mineralnæringa.

Foto: Norsk Bergindustri

Nederland strevar med å finne alternativ

Det nederlandske jernbaneselskapet, Prorail, seier til NRK at dei har skjerpa HMS-rutinane etter avsløringane.

Dei har leita etter kvartsfri stein, men skal ikkje ha funne nok. Derfor vil dei gjerne halde fram med den norske steinen.

Kravet frå Arbeidstilsynet i Nederland kan derfor ende i rettssystemet der.

– Vi har nyleg innført kvartsfri stein frå Tyskland på jernbanestasjonar og i tunnelar, men det er avgrensa tilgang, skriv selskapet til NRK.

Men dette er arbeidstilsynet i Nederland usamde i. Dei meiner at det finst nok kvartsfri stein frå Tyskland.

Hei!

Har du tips og innspel til denne eller liknande saker, eller har du jobba i anleggsbransjen og har plager etter steinstøv? Då vil eg gjerne høyre frå deg. Send meg ein epost!