Hopp til innhold

Norsk stein blir forbode i Nederland

Stein frå eit av Noregs største steinbrot kan gjere folk sjuke. Det fryktar styresmaktene i Nederland.

Bremanger Quarry

BREMANGER QUARRY: Steinen herfrå blir eksportert til Nederland.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I Bremanger på Vestlandet sprenger dei stein frå toppen av fjellet. Den blir knust og frakta med store skip til kontinentet.

I enkelte europeiske land er det mangel på stein. Derfor importerer dei til vegbygging, asfalt og jernbane.

Men det nederlandske arbeidstilsynet meiner at steinen frå Noreg er helsefarleg.

Steinstøv i Nederland

Steinstøv frå arbeid med såkalla ballaststein på jernbanenettet gjer arbeidarar sjuke, meiner arbeidstilsynet i Nederland.

Foto: Jos van Zetten / Bnnvara

Avsløring i Nederland

I fjor avslørte den nederlandske graveredaksjonen Zembla at jernbanearbeidarar har blitt sjuke.

Steinen frå Noreg inneheld mengder med kvarts, det mest finkorna støvet frå dette mineralet er farleg.

Det går heilt inst i lungene, festar seg og forsvinn ikkje. Konsekvensen av å puste inn for mykje er lungesjukdomar som kols, lungekreft og silikose.

I den nederlandske TV-dokumentaren fortalde ein jernbanearbeidar korleis han vart sjuk og ufør etter å ha jobba med steinen i mange år.

Mann sitter på benk. Fra dokumentar om lungesykdom hos jernbanearbeidere. Faksimile / Bnnvara

Frå den nederlandske TV-dokumentaren. Arbeidaren hadde blitt ufør.

Foto: Faksimile / bnnvara

Arbeidarane i Nederland hadde jobba utan verneutstyr i lengre tid.

Det vart også fortalt at det nederlandske jernbaneverket, Prorail, var klar over risikoen av å jobbe ubeskytta.

Etter dokumentaren kom varselet frå det nederlandske arbeidstilsynet som i praksis er eit forbod mot den norske steinen på jernbanenettet.

Frå mars i år gjeld kravet om kvartsfri stein i jernbanetunnelar, og ved togstasjonar. Frå 1. september gjeld kravet heile jernbanenettet i Nederland. Totalt 7000 kilometer.

Kor farleg er steinen?

Steinen frå Bremanger Quarry blir mellom anna brukt som såkalla jernbaneballast.

Det nederlandske selskapet Bontrup starta steinbrotet i 2001. Dei forklarar at steinen er spesielt sterk og haldbar.

Vel 70 prosent av steinen på jernbanenettet kjem herfrå.

Bremanger Quarry

Det finst fleire slike store steinbrot i Noreg, som leverer til Europa.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det nederlandske jernbaneverket, Prorail, har så langt retta seg etter kravet og bruker no tysk stein utan kvarts i tunnelar og togstasjonar.

Men på resten av jernbanenettet ynskjer dei å halde fram med å kunne bruke stein av typen som i dag kjem frå Noreg. Derfor har dei engasjert advokatar, og utelukkar ikkje at saka endar i rettssystemet.

– Bruk av kvartsfri stein i stor skala er ikkje mogleg, fordi vi berre får tak i avgrensa mengder. skriv Prorail i ein e-post til NRK. Dei seier dei har leita etter anna stein i snart eit år utan å lukkast.

Prorail understrekar at dei sidan avsløringane i fjor har skjerpa krava til helse og tryggleik.

Noreg har omfattande eksport av stein til kontinentet. Bontrup meiner eit forbod mot steinen dei leverer frå Bremanger kan ha betydelege konsekvensar.

– Ikkje berre for Bremanger Quarry og andre steinbrot i Noreg og Europa, men heile anleggsbransjen. Ingen andre land i EU har innført liknande restriksjonar, skriv talsperson Hans Stupers i ein e-post.

Bremanger Quarry

Gruva i Bremanger ligg i eit område med mykje sandstein. Steinen er hard og veleigna på vegar og jernbane. Kvartsinnhaldet er 40 prosent.

Foto: Steinar Lote / NRK

Det nederlandske arbeidstilsynet vil ikkje kommentere saka til NRK, og viser til at dei ikkje kommenterer på enkeltbedrifter. Dei vil heller ikkje svare på om stein med kvarts kan bli forbode også i resten av anleggsbransjen.

Tilsynet meiner i fylgje Zembla at det finst alternativ til steinen frå Noreg, i store mengder.

Arbeidstilsynet har ikkje sjekka i Noreg

I Noreg blir stein til jernbane henta frå lokale steinbrot kring om i landet. Kvarts er ganske vanleg i norske fjell, og det nest mest vanlege mineralet i jordskorpa verda over.

Bane Nor har ansvaret for jernbanenettet her til lands. Dei seier dei ikkje stiller krav mot kvarts i steinen.

Det blir heller stilt krav til at steinen ikkje skal vere for finkorna, og ha motstand mot slitasje.

– Støv er elles ei kjend problemstilling i anleggsbransjen som det er stort fokus på i HMS-arbeidet, seier Eivind Hegbom, som er gruppeleiar for tunnel og ingeniørgeologi i Bane Nor.

Også Arbeidstilsynet i Noreg har ei anna tilnærming enn i Nederland.

Arbeidsmiljølova set grenser for kor mykje kvarts det kan vere i lufta. Dette gjeld alle arbeidsplassar i Noreg.

Kvarts er ikkje helsefarleg før det blir til svært finkorna støv gjennom knusing, sprenging eller boring.

Men Arbeidstilsynet vedgår at dei ikkje har sjekka støvmengdene kring jernbanearbeidarane her til lands.

– Det er mogleg at vi vil gjennomføre tilsyn seinare, seier seniorrådgjevar Anne Marie Lund Eikrem i Arbeidstilsynet.

Bremanger Quarry

Steinen frå toppen av fjellet blir skipa ut ved dette kaianlegget i Bremanger.

Foto: Steiner Lote / NRK

Planlegg å utvide steinbrotet

Bontrup planlegg å utvide med endå eit stort steinbrot i Bremanger, og seier dei held fast på planane. Fleire andre norske steinbrot ynskjer også å utvide.

Stein til jernbanenettet er i fylgje selskapet ein relativt liten del av den samla produksjonen på Bremanger Quarry. Her jobbar det 50 tilsette.

Likevel håpar dei at Arbeidstilsynet i Nederland snur.

– Vi trur ikkje at denne diskusjonen vil påverke drifta og dei framtidige planane våre om å utvide, seier Hans Stupers.

Hei!

Har du tips og innspel til denne eller liknande saker, eller har du jobba i anleggsbransjen og har plager etter steinstøv? Då vil eg gjerne høyre frå deg. Send meg ein epost!