Hopp til innhold

Alvorleg trafikkulukke i Breim

Ein mann i 20-åra frå Gloppen er alvorleg skadd etter at ein bil hamna på taket i Gloppen.

ulukke breim

Ein person er alvorleg skadd i ulukke i Breim.

Foto: MMS-tipsar

Bilen køyrde av vegen og hamna på taket ved Flølo, på E39 mellom Byrkjelo og Reed. Ulukka vart meld klokka 16.58. Det var ein person i bilen.

Den skadde vart først frakta med luftambulanse til sentralsjukehus i Førde, men vart klokka 20 frakta til Haukeland i Bergen.

- Vi veit ikkje noko særskilt om kva som har skjedd, anna enn at bilen skal ha køyrt forbi ein annan bil like før utforkøyringa, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politikammer.

Værøy presiserer at det var berre ein bil involvert i ulukka.

- Utan at vi kan stadfeste det, så er det antyda at bilen kan ha halde høg fart, held Værøy fram.

E39 var stengd i ein time som følgje av ulukka.