Føraren er utskriven frå sjukehus
Føraren av hjullastaren som var involvert i ulukka ved Oppstryn er no utskriven frå sjukehuset, skriv Fjordingen. Ulukka skjedde på rv. 15 ved Oppstrynsvatnet i førre veke. Ein utanlandsk turistbuss køyrde inn i ein hjullastar som dreiv med kantslått langs vegen, og totalt 12 personar vart sende til sjukehus.