Turistbuss kolliderte med hjullastar

Fleire personar er innlagde på sjukehus etter at ein turistbuss køyrde ut av vegen på rv. 15 i Oppstryn.

Buss i hage, krasj med hjullastar, rv. 15 i Stryn

KNUST FRONTRUTE: Slik ser turistbussen ut etter ulukka.

Foto: Thomas Thaule / Fjordingen

– Elleve turistar er sende til sjukehus. Ingen av desse er kritisk skadde, seier informasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal.

Det var aust for Strynsvatnet camping at ein buss med turistar kolliderte med ein hjullastar og køyrde av vegen måndag ettermiddag. Hjullastaren dreiv med kantslått langs vegen.

Turistbussen som var på veg til Hornindal køyrde ut av vegen og inn i ein hage. Det var store materielle skadar på fronten av bussen. Eit augevitne på staden fortel at mange av passasjerane kom seg ut av bussen sjølve. Fleire av desse blødde frå ansiktet.

Føraren av hjullastaren blei sendt med luftambulanse til sjukehus etter kort tid.

– Personen skal ikkje vere kritisk skadd, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Etter ulukka blei kring 20 kinesiske turistar frakta med ein annan buss til legevakt i Stryn. 11 av desse blei sende vidare til sjukehus i Førde, Eid og Volda.

Vegen var stengt i fleire timar etter ulukka, men er no open att. Politiet vil avhøyre vitne og sikre spor.

Ulukke i Oppstryn

KNUST FRONTRUTE: Slik ser turistbussen ut etter ulukka.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

– Prega av det som hadde skjedd

Stryn kommune samla eit kriseteam på seks personar etter ulukka i Oppstryn. Kommunen oppretta eit mottak på helsestasjonen i Stryn. Kriseteamet har måndag kveld evaluert hendinga. Stryn-ordførar Sven Flo skryt av dei lokale hjelparane.

Turistane som ikkje er innlagde på sjukehus vert frakta vidare til eit hotell i Hornindal med buss. Helsepersonell i Hornindal kommune vil følge opp turistane på hotellet.

– Passasjerane var prega av det som hadde skjedd og var stille. Det var alt frå kuttskadar og slagskadar, seier Flo.

Stryn kommune måtte ha hjelp frå ein tolk for å kommunisere med alle passasjerane.

– Guiden i reisefølget kunne engelsk, men han var ein av dei skadde, så vi fekk inn ein ekstra tolk som var til stor hjelp, seier Flo.

Ulukke i Oppstryn

HAGEN: Her enda turen til turistbussen.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK

Buss brasa inn i hagen

Olav Andersbakken bur i huset der bussen brasa inn i hagen få centimeter frå husveggen. Han var uvitande på veg heim frå jobb då utrykkingskøyretøya susa forbi han på rv. 15. Då han kom rundt svingen ved campingplassen fekk han brått auge på mykje blålys og ein buss i hagen. Han vedgår at synet var dramatisk.

– Det første eg tenkte på var om bussen hadde køyrt inn i huset og skada det. Og så tenkte eg på hunden som var heime åleine. Han har nok opplevd kraftig smell og støy, fortel Andersbakken til NRK.

Sidan vegen var stengt måtte han parkere hos naboen og gå dei siste meterane fram til huset. Då han kom fram kunne han raskt konstatere at huset var like heilt og at det gjekk bra med hunden inne i huset.

– Bussen hadde berre gjort skade på hekken, gjerdet og plenen, seier Andersbakken.

Han synest det var like greitt å ikkje vere heime når ei slikt uventa besøk i hagen.

– Det var flaks at eg ikkje var heime. Bilen min plar stå parkert der bussen køyrde inn, og då kunne den fort verte treft.

Olav Andersbakken

DRAMATISK: Olav Andersbakken kom heim til ein buss i hagen.

Foto: ASGEIR HEIMDAL REKSNES / NRK
Laster Twitter-innhold