Hopp til innhold

Førar var påverka av sovemedisin

Mannen var påverka av sovemedisin då han sette seg bak rattet på lastebilen. Det retten meiner var risikofylt køyring endar no med fengselsstraff.

Fjordane tingrett

SOVEMEDISIN: Mannen var påverka av rusa medisin då han køyrde rundt i gatene ein sommarmorgon i fjor.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fleire medtrafikantar reagerte på køyringa til 50-åringen frå Nordfjord ein sommarmorgon i fjor.

På ulike gater i og rundt ein tettstad køyrde mannen rundt i lastebil, sjølv om han var påverka av sovemedisin.

Folkehelseinstituttet har konkludert med at mannen hadde ein påverkingsgrad som mest truleg svarar til ein alkoholkonsentrasjon i blodet på over 1,2 promille, skriv Fjordane tingrett i dommen.

Køyreturen fann stad på eit tidspunkt av døgnet då det var ein god del trafikk. Det var fleire andre langs vegen som reagerte på køyringa, og varsla politiet.

Då mannen møtte i retten vedgjekk han forholdet. Han har sjølv forklart at han under turen var uti grøfta og kom borti eit trafikkskilt med lastebilen. Retten meiner køyringa må skildrast som risikofylt, ikkje minst fordi det var snakk om køyring med ein lastebil med betydeleg skadepotensial.

Retten meiner mannen må straffast med fengsel, og har dømd han til fengsel i 15 dagar utan vilkår. Han må i tillegg betale 35.000 kroner i bot, og vere to år utan førarkort.