Hopp til innhold

For mykje fisk i mange fjellvatn

I ein del av fjellvatna i Lærdal er det altfor mykje fisk. Det går ut over kvaliteten og storleiken på fisken, og Lærdal fjellstyre ynskjer at fleire tek turen og fiskar i desse vatna.

Arnfinn Valaker

FIN FANGST: Arnfinn Valaker er mellom dei som har fått fin fisk i Vetle Ljosegrunnsvatn. Her med ein feit fjellaure på rundt kiloen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dagleg leiar Nils Asle Kirkevoll i Lærdal fjellstyre seier at det er stor variasjon mellom dei ulike fiskevatna i Lærdalsfjella.

I vatn som Vetle Ljosegrunnsvatn og Liahovdvatnet er det svært god kvalitet og stor fisk å få, medan det i t.d. Øvre Fleskevatn og Grånostjørni er for mykje fisk. Der blir kvaliteten deretter, med for det meste liten fisk.

– I Øvre Fleskevatn vart det teke rundt 100 småfisk på garn på ei natt, fortel Kirkevoll.

I fjellstyret håpar dei at fleire vil fiske i desse vatna, men det er det vanskeleg å få til.

– Folk som tek turen til fjells vil helst fiske der dei veit det er god kvalitet på fisken. Dermed blir det fiska for lite i dei vatna der det burde ha vore fiska mykje.

Fekk 51 fiskar på ei helg

Kirkevoll har ikkje fiskestatistikken for 2013 klar enno, men han seier at det teiknar til å bli eit normalår, ikkje så godt som 2011, men klart betre enn fjoråret, då isen gjekk svært seint i dei høgtliggande vatna.

Men mange av dei som har teke turen opp i 1400-1500 meters høgde har kome nedatt med god fangst. I august fekk ein fiskar åleine 51 fine fjellaurar på ei helg, og sist helg kom ein kameratgjeng nedatt med over 35 kilo sløgd fisk.

Den største fisken dei fekk var 1,5 kilo.

Det kan nemnast at dei som tek turen opp til desse vatna slepp å bere fisken heilt nedatt til Lærdalsdalen. Det går ein bomveg frå Mo inn Råsdalen og opp i rundt 1500 meters høgde. Dei som kjøper fiskekort får også med seg nøkkel til bomvegen.

Fjellvatn i Lærdal

MANGE GODE FISKEVATN: Frå bomvegen er det to-tre timar å gå til t.d. Vetle Ljosegrunnsvatn, som er eitt av vatna inne i den raude ringen.

Foto: Norgeskart