I fylgje kommunerevisjonen kan det utgjera så mykje som 2500 kroner i året per barn.
Urettmessig
Alle foreldre har urettmessig blitt belasta for dei meirkostnadane kommunen har med funksjonshemma barn i SFO og tilsaman er det snakk om 40 millionar kroner. Men byråd for oppvekst, Anne Gine Hestetun meiner beløpet berre er på 4,2 millionar:
Tillitvalde for foreldre som har elevar i grunnskulen er rysta over at Bergen kommune har teke for mykje betalt for skulefritidsordninga. Hilde Sundve Jordheim frå Askøy er leiar i det landsdekkande foreldreutvalet for grunnskulen. Ho er ikkje nådig i si vurdering av Bergen kommune.