Hopp til innhold

Nektar å gje ut ubåt-dokument

38 år etter ubåtaksjonen i Sognefjorden blir fleire dokument frå Forsvarets overkommando framleis haldne hemmeleg.

I 1972 vart det forgjeves leita etter ein framand ubåt i 14 dagar.

Det heile går ut over truverdet til forsvaret, seier leiar Finn B. Førsund i Hyllestad Arbeidarparti som har engasjert seg sterkt i ubåtsaka. Han vil ha alle dokument på bordet i saka.

Vi kan ikkje gje ut dokumenta fordi det kan skade den nasjonale tryggleiken, svarar Christian Øverli, pressetalsmann for forsvarsstaben.