Hopp til innhold

Folk nektar å sitje i forliksråd fordi det er så dårleg betalt

Forliksrådsmedlemmer i distrikta «må i praksis betale for å stille», klagar Senterpartiet, og utfordrar sin eigen justisminister.

Dale, Sunnfjord

DALE, SUNNFJORD: – Gjeldande ordning råkar særleg distrikta, der det å vere forliksrådsmedlem er eit verv, seier Karin Tonning Hatløy, som er fylkesstyremedlem Sogn og Fjordane Senterparti.

Foto: Wikimedia commons

I april skreiv alle medlemmer og varamedlemmer i Rana forliksråd eit brev til kommunen der dei fortalde at dei trekkjer seg omgåande. Forklaringa var at den økonomiske kompensasjonen var for liten.

Forliksrådet er ein meklingsinstitusjon i dei fleste norske kommunar, og den lågaste domstolen for sivile saker i Noreg.

Regelen i dag er at forliksrådsmedlemmar tek imot ei møtegodtgjersle på 590 kroner. Medlemmane får ikkje dekt tapt arbeidsforteneste eller timane som går til naudsynt opplæring.

Resultatet er at mange forliksrådsmedlemmer i «praksis må betale for å stille i forliksrådet», seier Karin Tonning Hatløy, som er fylkesstyremedlem i Sogn og Fjordane Senterparti.

– Gjeldande ordning råkar særleg distrikta, der det å vere forliksrådsmedlem er eit verv, seier ho, og kallar situasjonen «eit problem for rettstryggleiken».

Emilie Enger Mehl

JUSTISMINISTER: Forliksrådsmedlemmer «må i praksis betale for å stille i forliksrådet» klager Sogn og Fjordane Senterparti til «sin eigen» Emilie Enger Mehl (Sp).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Må vere likebehandling mellom by og land

I større byar er saksmengda ofte høg, og ein har i større grad fast tilsette forliksrådsmedlemmar. Kravet frå Sogn og Fjordane Senterparti er difor at det «må vere likebehandling mellom forliksråd i by og land».

Samarbeidsutvalet for Forliksråd og Namsmenn hadde møte med Justiskomiteen i fjor der dei bad om rausare arbeidsvilkår.

Styreleiar Lise Wergeland Strømmen bad mellom anna om at medlemmene i forliksråda «skal godtgjerast for tapt arbeidsforteneste for deltaking på opplæringskurs i samsvar med satsar for politiske møte.»

Resultat? Eit ekstra forliksråd i Oslo vart oppretta, medan fire av fem punkt (sjå lenkje) ikkje vart kvittert ut. Strømmen seier ho har purra på den nye justiskomiteen, utan å få svar.

Kan skape eit A- og B-lag

Det er synd at justisministeren ikkje tek rettstryggleiken i distrikta på alvor. Det kan skape eit A- og B-lag, der rettstryggleiken i distrikta vert svekte, seier leiar av justiskomiteen på Stortinget, Per-Willy Amundsen (Frp).

Han legg til:

Forliksråda er ein viktig førsteinstans kor mange konfliktar blir løyste. Når forliksrådsmedlemmer frå distrikta risikerer økonomisk tap, seier det seg sjølv at mange kompetente ressurspersonar vil avstå frå å ta oppgåva.

NRK har vore i kontakt med justisdepartementet, men har ikkje fått svar.

Justispolitisk talsperson i Høgre, Sveinung Stensland, varslar at han «vil utfordre statsråden frå Sp på kva ho ser for seg av løysingar».

Det er urimeleg at ein ikkje får kompensert tapt arbeidsforteneste. Forliksråda er viktige for rettstryggleiken vår, det er ei god form for tvisteløysing med låge kostnader for samfunnet og involverte partar. Vi må sjå nærare på korleis dette kan løysast, men eg vil byrje med å få greie på kva det vil koste å rette opp i det.

Stortinget behandler bioteknologiloven

VIL VARSLE: Justispolitisk talsperson i Høgre, Sveinung Stensland, varslar at han «vil utfordre statsråden frå Sp».

Foto: Vidar Ruud / NTB

Kostnadene har auka med 92 prosent

Stortingsrepresentant for Venstre, Ingvild Wetrhus Thorsvik, viser til at det blir stadig dyrare å ta saker inn for retten.

Berre det siste tiåret har kostnadene for dette auka med 92 prosent. Derfor blir forliksråda stadig viktigare, og må vere eit godt og tilgjengeleg alternativ, seier ho.

Ho varslar at Venstre vil greie ut kor mykje det vil koste å få dekt tapt arbeidskompetanse, og kor mykje det vil koste å kompensere medlemmene økonomisk for deltaking på kurs i regi av Samarbeidsutvalet for Forliksråd og Namsmenn.

Når vi har fått kartlagt kostnadene, vil vi sjå nærare på løyvingane til forliksråda i statsbudsjettet for 2023, og ved behov vurdere auka løyvingar i det alternative budsjettet vårt, seier ho.

Ingvild Wetrhus Thorsvik

VIKTIGARE: – Forliksråda stadig viktigare, og må vere eit godt og tilgjengeleg alternativ, seier Ingvild Wetrhus Thorsvik (V).

Foto: Geir Olsen / NTB